Flytrafikken normaliserer seg

Om du kjem deg tid du skal i dag, som flypassasjer, er høgst usikkert på grunn av veret.

Om du kjem deg tid du skal i dag, som flypassasjer, er høgst usikkert på grunn av veret. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Etter ein kronglete start på stormdøgret, byrjar flytrafikken til og frå Florø no å normalisere seg.

DEL

Tidlegavgangen frå Florø til Bergen blei kansellert fredag morgon, og skapte forsinkelsar utover føremiddagen. På Gardermoen blei 12.30-flyet til Florø kansellert, men no har Leif Helge Kvalheim ved Florø flyservice håp om at ting betrar seg utover ettermiddagen og kvelden.

- Veret svingar veldig, men vi har vore litt heldige, og no ser det ikkje så ille ut, seier Kvalheim, som har følgjande planar for flytrafikken dei neste timane:

- 14.15-flyet Florø - Oslo er innstillt

- 15.15-flyet Bergen - Florø går som planlagt

- 16.55-flyet Oslo-Florø går som planlagt

- 18.30-flyet Florø-Oslo går som planlagt

Etter dette tidspunktet er det ingen indikasjonar på at ruter vil bli kansellert.

Dette avheng sjølvsagt av veret, og viss eit fly blir forsinka eller kansellert, vil det skape forskyvingar og ringverknader.

- Passasjerane blir oppdatert via SMS og blir bedne om å kome og sjekke inn til oppgitt tid, slik at vi ikkje får ytterlegare forsinkingar om verforholda tilllet at flya går, seier Tor Arne Brekke, ved Florø Flyservice.

All helikoptertrafikken er kansellert

Det var fredag planlagt tre helikopteravgangar- og ankomstar, til og frå offshoreinstallasjonane Visund, Snorre A og Snorre B.

Alle blir kansellert, melder Heliport.no.

Firdaposten vil oppdatere saka utover dagen.

Båttrafikken som normalt

Klokka 08.50 gjekk både rutene i Florabassenget og Norled sin ekspressbåt Bergen - Nordfjord som normalt.

Klokka 11.40 melder Norled at Bergen - Nordfjord er ca. 15 minutt forsinka på grunn av vêret.

Artikkeltags