Her gir Monica tre syklar

Smilet til barne- og ungdomsansvarleg Eva Jensen ved Solbakken asylmottak er like trillrundt som sykkeldekka. Foto: Heidi Hattestein

Smilet til barne- og ungdomsansvarleg Eva Jensen ved Solbakken asylmottak er like trillrundt som sykkeldekka. Foto: Heidi Hattestein

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Eit lite fredagslotteri i kantina til SFE var alt som skulle til.

DEL

Korleis kan vi hjelpe flyktningane som kjem over grensa, og ikkje minst, dei som allereie er her?

Full mobilisering

Det spørsmålet stilte arbeidskollegaene på hovudkontoret til SFE på Sandane seg.

Marknadsrådgjevar og kollegaene blei einige med å lage eit fredagslotteri til inntekt for mottaka i Florø og Jølster.

– Fleire hadde med seg premiar, og resten blei sponsa av butikkane her på Sandane, fortel Brandsøy Lystad.

Stort og smått av det lokale næringslivet bidrog: Blomsterbutikk, bokhandel, hotell, Frisør, nettbutikk, glasmagasin. I tillegg bakte kantinepersonalet kake, og alle tok masse lodd.

– Vi fekk inn 13.700 kroner på lotteriet. SFE matcha beløpet, og dermed hadde vi dobbelt så mykje. Vi ringde til mottaka i Florø og på Jølster for å høyre kva dei treng, og svaret er mykje godt det same: Syklar og fotballutstyr.

Oppfordrar fleire

I tillegg har dei tilsette gått gjennom sine eigne klesskap og funne fram forskjellige vinterkle og barneklede. Dette og meir til blei med på to hengarlass til Florø.

– Eg vil oppfordre andre til å gjere noko liknande, seier Brandsøy Lystad.

– Alle kan gjere litt, og det får positive ringverknader. Det er kjekt å sjå kor glade dei på asylmottaket blei for gåvene. Det kjem flyktningar i sandalar og t-skjorter, og det er fint å kunne gi dei vintersko og varme kle.

Også aktivitetar

På Solbakken asylmottak er det ei gledestrålande Eva Jensen som tek imot gåvene.

– Sykling er ikkje like vanleg i alle kulturar. Vi vil arrangere sykkelkurs til våren for dei som treng det.

Også ho appellerer til dei frivillige dugnadskreftene.

– Vi har sendt ut brev til forskjellige lag og organisasjonar med tanke på å få til aktivitetar. Vi håpar på respons. Ikkje berre ting, men også aktivitetar, er viktige å få hjelp til, seier ho.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken