Flott Tour de Bremanger

Tour de Bremanger. Gruppebilde med alle syklistane i 2011.

Tour de Bremanger. Gruppebilde med alle syklistane i 2011. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Årets høgdepunkt for mange var Tour de Bremanger. For femte året på rad vart den 12 mils lange sykkelturen arrangert. I år var det 40 som deltok på turen.

DEL

Per Arne Sæterlid fortel at årets sykkeltur har auka med seks deltakarar frå i fjor.

– Kvart år har vi hatt ei auke i personar som har meldt seg på sykkelturen rundt Bremanger, og det synest vi er veldig kjekt. I år hadde vi fått laga eigne T-skjorter til alle deltakarane, den var sponsa frå Elkem Bremanger og Bremanger kommune, og litt frå deltakarpengane, seier Sæterlid.

Veteranane på sykkelturen er fysioterapeuten Asle Førde, Jarle Frøyen og Marit Frøyen, Per Arne Sæterlid og kona Irene. Elles er det mange som har hatt eit år dei ikkje har kunne vore med, men mange har vore tre eller to gongar tidlegare.

Då dei kom på ferja på Smørhamn, vart dei godt overraska då det venta kvit dame og kaffi på alle deltakarane.

– Eg visste ikkje noko om det heller, men det var eit godt påfyll før siste etappen inn frå Kjelkenes til Svelgen. Alle tiders, fortel Per Arne. Han kan fortelje at det også neste år vert sykkeltur rundt Bremanger.

Les meir i papirutgåva tysdag.

Artikkeltags