Det var i 2002 dei to austlendingane kjøpte ein seglbåt av typen Bavaria 47 av eit gresk yachtselskap gjennom selskapet sin agent i Norge, Torleif Døskeland og hans Albatross Yacht Charter.

Betalte 500 000

Dei to skulle betale 35 prosent av summen. Båten skulle deretter leigast ut 120 dagar i året og inntektene brukast til resten av kjøpesummen. Austlendingane skulle få 60 prosent av leigeinntektene utover dei 120 dagane. I 2007 skulle austlendingane ta over eigarskapet av båten.

Dei to betalte 64 750 euro til Albatross, noko som tilsvarar om lag 500 000 kroner, som Døskeland førte vidare til det greske selskapet. I tillegg hadde ein av austlendingane kjøpt ein Bavaria 38 på dei same vilkåra, og betalte inn 25 875 euro til Døskeland.

Fekk ingen leigeinntekter

I mai 2004 vart båtar tilhøyrande det greske yachtselskapet tatt i arrest, og året etter vart selskapet sett under konkursbehandling. Austlendingane fekk verken leigeinntekter eller rekneskap for dei to båtane.

Dei meinte det var Døskeland og Albatross Yachting Charter som var seljar, og gjekk til sak for å få pengane tilbake frå Døskeland. I mars 2006 avsa Flora forliksråd ein dom der Døskeland måtte betale over 1,4 millionar kroner til austlendingane.

Må betale sakskostnader

Men Døskeland tok saka inn for retten, og 26. mai vann han fram. Fjordane tingrett meinte Døskeland ikkje hadde opptredd uaktsamt og svikaktig, og han var ikkje ansvarleg som seljar av båtane. Han var berre ein mellommann i Norge. Dersom dei to trudde det var Døskeland som var seljar, burde dei ifølgje retten reagert då dei skulle skrive under kontrakten.

I tillegg til at Døskeland ikkje var ansvarleg for tapa til austlendingane, må dei to også betale sakskostnadene til Døskeland på 80 000 kroner. Austlendingane har ein månad på seg til eventuelt å anke saka.