Bil i sjøen ved Amfi-senteret, dramatisk då sjåføren blei berga ut vindauget

FAUK OVER KANTEN. Ifølgje augevitne, skaut bilen fart og spann seg over kanten og rett i sjøen.

FAUK OVER KANTEN. Ifølgje augevitne, skaut bilen fart og spann seg over kanten og rett i sjøen. Foto:

Av

FLORØ: Ein personbil har hamna i sjøen vest for Amfi-senteret i Florø.

DEL

Ein bil køyrde rett i sjøen på vestsida av Amfisenteret ved 10.30-tida i dag.

Ein mann skal ha sitte i bilen då den køyrde tvers over parkeringsplassen, bikka over kanten og ut i sjøen, men vedkomande blei berga ut i siste liten

Ifølgje augevitne skal bilen ha aksellerert på parkeringsplassen og hatt fart nok til å passere over kanten som skil parkeringsplassen og sjøkanten, og hamna i sjøen. Det kan tyde på at sjåføren har tråkka på feil pedal under køyring.

Ei kvinne, som var om bord i ein båt som låg like ved, kom til staden, og handla resolutt. Ho fekk drege sjåføren, ein eldre mann, ut av vindauget på bilen.

Svanøe og Korneliussen gjekk ombord i båt som låg ved flytebrygga og prøvde å berge bilen, men til ingen nytte. Like etter gjekk bilen til botn av hamnebassenget.

Både brannvesen, helsepersonell og politi kom raskt til staden og fekk tatt kontroll over situasjonen. Mannen vart tatt hand om av helsepersonell. 

Artikkeltags