Trafikkulykke ved Storebru

Artikkelen er over 1 år gammel

Torsdag kveld var det utrykking etter melding om bilulykke mellom Hyen og Storebru.

DEL

Meldinga kom om lag klokka 19.40 torsdag kveld.

Lege og ambulanse frå Florø er på veg til ulykkesstaden, meldte Helse Førde AMK på Twitter kort tid etter.

Operasjonsleiar i Sogn og Fjordane, Ole Tom Nord, opplyser til Firdaposten at det er ein bil som har køyrd av vegen.

- Det var ein person i bilen, og etter det vi veit er det ikkje personskader, seier Nord.

Vegen vart stengt etter ulykka, då personbilen stod på tvers midt i vegbana, og ikkje var køyrbar.

Men det vart rekvirert bilberging frå Eikefjord kort tid etter ulykka, så vegen vert truleg opna om kort tid, seier politiet klokka 20.45.

Ulykka skjedde mellom Hyen og Storebru, på fylkesveg 615, ved Litle Eikevik.

Artikkeltags