Sparebanken Sogn og Fjordane veks utanfor fylket

Av

Sparebanken Sogn og Fjordane hadde i 2016 eit resultat på 468 millionar kroner før skatt. Vel 120 av dei kjem frå utlån til private utanfor fylket.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Trond Teigene, administrerande direktør, er nøgd med resultatet. Han peikar på at banken hadde ein vekst på 8,9 prosent i privatmarknaden i fjor.

– Vi vinn kampen om kundane i marknaden. Banken har ein strategi på å vekse utanfor fylket, primært på dei kundane som har ein relasjon til Sogn og Fjordane, og det klarer vi å følge opp. Vi er ein regional bank, men vi er også ein nasjonal bank, seier Teigene i ei pressemelding.

Høgare enn året før

Resultatet før skatt er 137 millionar høgare enn for same periode i 2015. Auken i resultatet kjem av høgare forteneste på renta, vekst i andre driftsinntekter og reduksjon i driftskostnadar. Dei er reduserte med 18 millionar på grunn av overgang frå ytelsepensjon til innskotsordning, opplyser banken.

Les også: Sparebanken legg ned ni filialar og Tar over som banksjef i ei krevjande tid

43 prosent av kundane til Sparebanken er i dag utanfor fylket. I ei undersøking gjennomført av Finansavisen i 2015 blant dei 15 største regionbankane, kom Sparebanken Sogn og Fjordane ut som den sparebanken med størst del av kundeporteføljen sin utanfor definert marknadsområde.

– Vi følger kundane når dei flyttar andre stader for å studere eller jobbe. Vi ser også at vi får fleire andre og tredje generasjons utflyttarar som kundar, og det er kjekt å sjå at relasjonen med banken blir vidareført, seier Teigene i pressemeldinga.

Veks også i bedriftsmarknaden

Også i bedriftsmarknaden har banken opplevd vekst det siste året. Låna til bedriftsmarknaden har auka med 3,7 prosent og nye lån til næringslivet ligg på rundt 1,5 milliardar kroner.

– Næringslivskundane er viktige for oss, og vi er med og bidreg til arbeidsplassar og verdiskaping. Dei fleste av desse prosjekta føregår her i fylket, men nokre av dei er også utanfor fylket, seier Teigene.

Totalresultatet for 2016 er på 340 millionar kroner. Det gir eigenkapitalavkastning på 9,5 prosent, som er litt lågare enn året før. Det skriv banken i pressemeldinga.

Les også: Sparebanken Sogn og Fjordane blir medeigar i Vipps

Artikkeltags