Lensmann slepp refs etter telefon til krisesenter

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ein politimann slepp konsekvensar etter han skal ha kjefta på ei mishandla kvinne over telefon.

DEL

Tidlegare denne månaden skreiv Firda om ein politimann som gav ei kvinne klar beskjed om å komme seg heim att, for der sat mannen hennar heilt knust.

Kvinna hadde søkt tilflukt på Krisesenteret i Florø, etter at ho og hennar to barn hadde vore utsett for grov fysisk og psykisk vald frå ektemannen.

Ronny Iden, visepolitimeister i Vest politidistrikt, seier til Bergens Tidende at politiet no har vore i kontakt med politimannen ved eit av lensmannskontora i fylket, etter saka kom fram i media.

– Vi har hatt ein samtale med politimannen det gjeld. Dette er slikt som ikkje skal skje, seier visepolitimeister Ronny Iden til BT.

Kjenner seg ikkje igjen i framstillinga av samtalen

BT skriv at politimannen som gjorde oppringinga ikkje kjenner seg igjen i Krisesenteret si framstilling av samtalen, men han stadfestar å ha snakka med kvinna over telefon. Visepolitimeister Iden påpeikar at framstillinga er slik kvinna har opplevd samtalen, men at det er uheldig om det er det som er tilfelle.

– Slikt skal uansett ikkje skje, seier Iden til BT.

Mangel på forståing

Leiar for Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland, er glad ho fortalde om hendinga. Ho har blitt kontakta av ei rekke kvinner etter at saka først vart omtalt i Firda, og så BT.

– Det er fleire døme på at enkelte ikkje har forståing for vald i nære relasjonar. Det har ofte vist seg å gjelde små lensmannskontor, fortalde Hovland tidlegare til Firda.  

Ifølge Bergens Tidende har fleire av kvinnene Hovland har vore i kontakt med, fortalt at dei har blitt verande i valdelege forhold fordi dei ikkje har møtt forståing i hjelpeapparatet.

Jul og nyttår er tradisjonelt ei travel tid på krisesenteret. – Vi får ofte inn mange over nyttår. Då har kvinnene halde ut i jula for borna sin del før dei kjem til oss over nyttår, seier dagleg leiar Wenche Hovland.

Jul og nyttår er tradisjonelt ei travel tid på krisesenteret. – Vi får ofte inn mange over nyttår. Då har kvinnene halde ut i jula for borna sin del før dei kjem til oss over nyttår, seier dagleg leiar Wenche Hovland. Foto:

– Dette viser at det ikkje berre er ei enkelthending, men ei haldning som fleire enn denne eine politimannen har, seier Hovland til BT.

Etter hendinga fann stad for rundt to år sidan kontakta Hovland politiet i Florø og klaga. Då vart det lokale lensmannskontoret teke av saka, men konsekvensane for politimannen har til no ikkje vore kjende.

Ikkje straffbart

Politiet har konkludert med å ikkje ta saka vidare. Utover samtalen dei har hatt med politimannen, vert det ikkje ytterlegare konsekvensar.

– Dette ligg to år tilbake i tid, så vi går ikkje vidare med det no, seier Iden.

–Det er ikkje all mangel på klokskap som er straffbart og høyrer inn under spesialeininga, legg han til.

Han fortel at politiet vil lære av hendinga.

– Vi må stadig reflektere over korleis vi kommuniserer med folk. Dette kan vere ei påminning om at vi aldri vert betre enn den neste samtalen vi har, seier Iden til BT.

Artikkeltags