Klar for ein blodfersk sommarrevy

Artikkelen er over 4 år gammel

– Ein musikalsk og humoristisk bølgetopp på helgas Fjordsteam, seier Per Øyvind Helle.

DEL

I kveld sparkar revygjengen i gang premiera på årets sommarrevy. Torsdag, fredag og laurdag held dei show midt i Florø sentrum, i Torggata for å vere nøyaktig.

– Vil du ha ein torsdag heime i sofaen, med gamle NRK-reprisar, eller vil du komme å sjå ein blodfersk revy som får deg til å kjenne at du lever? spør revysjef Per Øyvind Helle.

Revygjengen på 16, har dei siste vekene jobba med servere Florø ein knallbra sommarrevy. Lite er opp tilfeldigheitene, og i sommar har dei med seg revyfjesa Jonas Rønning og Øyvind Angeltveit. Innslaga til dei rutinerte revyskrivarane kjem til å utgjere omlag halvparten av revyen.

Lokal, nasjonal og internasjonal

– Akkurat no sitt vi å skriv nummer på dei aller siste nyheitene. Den der kvalen for eksempel. Jonas Rønning kom på måndag, så nummera hans har fått lokale vriar. Vi kjenner oss klare og det her blir veldig bra!

Nokre av dei beste karakterane vil vere å kjenne att, men alle nummera er splitter nye. Ein kan blant anna vente seg gudsteneste på fem minuttar, Kim Jong Un og venstrepolitikar Jan Arve Midtbø.

– Det er ikkje oppgulp frå vinterrevyen, påpeikar Helle og håpar folk framleis er i feriemoduset og kjem på kveldens premiere.

Artikkeltags