Mindreårige var fulle på fest

Illustrasjonsfoto: arkiv

Illustrasjonsfoto: arkiv

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Natt til søndag fekk politiet fleire meldingar om bråk og mindreårige som var på fulle på ein fest i Florø. Patruljen var på staden og fekk festen stengt. Dette skriv Politiet Sogn og Fjordane i ei twitter-melding kl. 00.53.

Kl. 03.44 vart det rapportert om ei hjortepåkøyrsle på Bjørnset. Viltnemda rykte ut for å hjelpe til.

Tidlegare denne veka skreiv Firdaposten at påkøyrsle av hjort har auka markant i Flora den siste tida. Frå 14. september til 24. oktober var det loggført 12 påkøyrde hjortar. Det er dei tradisjonelle problemområda som går att i påkøyrslestatistikkane. Mange av påkøyrslene skjer mellom anna på Botnastranda, ved Haukåvatnet, i Brandsøy og på Klavelandet.

Artikkeltags