Politiet: – Kan fort bli dyr parkering

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

20 feilparkerte bilar i Florø.

DEL

Politiet melder laurdag like før 17.30 at over 20 bilar står ulovleg parkerte i Havrenesvegen.

Dette er ikkje politiet særleg imponert over, og skriv at dette «kan fort bli dyr parkering» på sin Twitter-konto.

Operasjonsleiar Bengt Ness seier til Firda at det er øvrige bilistar som har klaga inn parkeringa til politiet.

Han fortel at parkeringa er i samband med fotballkampen mellom Florø og Lørenskog.

– Det er til hinder for køyrande og gåande. Sjølv om det er fotballkamp, så må ein vise hensyn, seier Ness.

– De skriv at det fort kan bli ei dyr parkering. Er politet på staden og deler ut bøter?

– Vi har ikkje sendt ut folk, men la ut meldinga for at folk skulle flytte bilane. Men Florø Parkering er varsla, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags