Vilde frå Florø er ny leiar for journaliststudentane

Vilde Midtbø Ulsten (21) frå Florø skal leie NJ Student, samstundes som ho studerer undersøkande journalistikk og jobbar i NRK Hordaland.

Vilde Midtbø Ulsten (21) frå Florø skal leie NJ Student, samstundes som ho studerer undersøkande journalistikk og jobbar i NRK Hordaland. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Vilde Midtbø Ulsten (21) frå Florø er vald til ny leiar for Norsk Journalistlag Student (NJ Student).

DEL

NJ Student valde søndag 12. august ny leiar, og det er 21 år gamle Vilde Midtbø Ulsten frå Florø.

Ho var frå før av leiar av NJ Student Bergen, eit verv hun fekk i fjor haust.  I vår fullførte ho bachelor i journalistikk ved Universitetet i Bergen, MCB.

Vilde har tidlegare skrive for Firdaposten. I sommar har jo jobba i NRK på Marienlyst, og no skal ho starte på ein mastergrad i undersøkande journalistikk, samstundes som ho skal jobbe i NRK Hordaland ved sidan av studiene.

– Det er gøy å ta over dette vervet. Eg er veldig glad for tilliten, og ser frem til eit år der eg følger med på eit aktivt studentmiljø. Fokuset blir å ta vare på utdanningane, og spesielt Bodø som dessverre har nullopptak til hausten. Eg har innsett kor viktig det er med ei fagforening for journaliststudentane. Å ha folk i ryggen ein går inn i dette yrket er veldig viktig, seier Midtbø Ulsten.

Vilde har gjort ein imponerande innsats med klubbarbeidet i NJ Student Bergen, skriv NJ Student i ei pressemelding.

– Ho tok over ein klubb som låg brakk på seinhausten i fjor. Ho har på kort tid fått god kontakt med studentane i Bergen, og mediebransjen, og vist interesse for arbeidet Norsk Journalistlag gjer, skriv NJ. 

Det nye styret i NJ Studen består av Vilde Midtbø Ulsten, leiar (NJ Student Bergen), Guro Gulstuen, nestleiar (NJ Student, Oslo MET), Jørgen Wear, sekretær (NJ Student Volda), Stella Brevik, styremedlem (NJ Student Stavanger) og May Helen Simonsen, vara (NJ Student Bodø).

Artikkeltags