Anders Espeset i Florø vakna av støy i hagen sin natt til laurdag, og oppdaga då han kika ut vindauget at ein fem-seks karar la på sprang bort frå området. Samstundes såg han at trampolinen i hagen var øydelagt, det skriv Firda.

La igjen passet sitt

– Dette verka å vere eit skikkeleg fyllerør. Og det mest irriterande var at vi heldt på å montere nytt sikkerheitsnett på fredag, slik at ungane kunne vere i aktivitet. Og når dei kjem ut laurdag morgon, så er heile trampolinen herpa. Ungane var sjølvsagt veldig lei seg, seier Anders Espeset om hendinga han la ut på Facebook-sida si laurdag morgon.

– Ja, eg kunne ikkje dy meg. For faktum er nemleg at ein av gjerningspersonane har mista passet sitt oppå trampolinen under «leiken». Så no har eg sendt ein SMS til han, og bede han om å ordne opp for seg, seier Espeset som etter hendinga i løpet av natta fekk problem med å sove.

– Ja, faktisk vart eg såpass oppskaka at eg måtte ha meg ein sykkeltur opp på Brandsøyåsen. Deretter tok eg turen ned i byen for å handle inn eit nytt sikkerheitsnett. For det går ikkje an å reparere det som er øydelagt, seier Espeset.

Bør ordne opp

Espeset håpar no at dei som står bak ugjerninga ordnar opp for seg. Ikkje minst økonomisk.

-Eg har jo passet til ein av personane, ein kar tidleg i 20-åra, og reknar med at han har lyst til å ha det tilbake. Eg reknar med at denne gjengen går saman og ordnar opp. For kostnaden på 1300 kroner for eit nytt nett, skal vel ikkje vere noko stor utfordring, seier Espeset og viser til at viss ikkje han får signal frå gjerningspersonane så vurderer han å kontakte politiet.

– Men dette er jo i utgangspunktet skikkeleg harmlaust fyllerør. Dei gjekk sikkert forbi hagen på veg heim, og så fekk dei lyst til å hoppe på trampolina. Dessverre så gjekk det gale. Det var sikkert då eg vakna. og såg at dei forsvann raskt bort frå området, seier Espeset som har fått ei rad med tilbakemeldingar på Facebook.

– Ja, tydeleg at dette er noko mange har hatt litt moro med. Og kanskje er det fleire som kjenner seg igjen, ler Espeset.

La att passet med vilje

Ikkje lenge etter at vi hadde snakka med Espeset hadde han fått telefon frå passeigaren.

– Han fortalde han hadde lagt at passet med vilje, og at han på den måten ville fortelle at dei skulle betale for det dei hadde øydelagt. Det var greitt slik sett, for eg visste jo med ein gong kven som var ein av syndarane i alle fall. Flott at dei vil betale for skaden, då blir det rett og slett ei god historie det heile, seier Espeset.

At det er ei god histore tyder også alle kommentarane han har fått på Facebook på. Her er nokre av dei:

«Stakkars ... heilt innlysande at fyren ikkje har komt seg ut av buret! Neste gang må du la glidelåsen stå helt open!»

«Må vere lovleg rømningsveg, ja.»

«Anders, du risikere no å bli politimeldt og saksøkt for manglande forskriftsmessig merka utgong, stygg sak.»

« Hugs å sjekke minstemålet også.»

«Set opp nokre slike, so sleppe vi å høyre meir om fyllebråk! Bra arrest ditta.»

«Meget beklagelig og talentlaus for å seie det mildt.»

«Talentlaust av dei som gjør sånt, og kanon at passet låg der. Passelig flaut idag.»

«Hevnen er søt! »