Ole Kristian frå Flora kan bli «Norges Hyggeligste Håndverker»

Elektrikarlærling Ole Kristian Hugøy (19) frå Flora har eit halvt år igjen av læretida. Men han er allereie ein av 22 finalistar som kjempar om heiderstittelen «Norges Hyggeligste Håndverker».

DEL

– Å velje ut finalistane blant over tusennominerte handverkarane er ei nesten umogleg oppgåve. Norge er fullt av hyggelege og dyktige fagfolk som står på i både små og store bedrifter. Det har vi sett gjennom dei mange nominasjonane som har strøyma inn frå kundar, kollegaer, tilsette og sjefar, seier Anette Ramstad, jurymedlem i «Norges Hyggeligste Håndverker» og politisk rådgivar i Byggenæringens Landsforening.

– Gøy at lærlingar får vere med

Ole Kristian Hugøyhar vore interessert i data og elektronikk så lenge han kan huske. Interessa førte han inn på elektro-linja etter ungdomsskulen, og nå er han elektrikarlærling i Fokus Elektro. Framover håper han å kunne bygge på kompetansen med informatikk, for å foreine de to interessene.

– Eg syns det er utruleg gøy å vere ein del av arbeidslivet, og eg prøver å få jobba mest mogleg. Det er jo ein tøff marknad for elektrikarar, så eg er glad eg har fått læreplass. Det har vore utruleg lærerikt, og eg får massevis av varierte oppgåver kvar dag, seier den unge lærlingen.

Hugøyskal snart ta fagbrevet, og er eigentleg ikkje spesielt nervøs. Han føler seg trygg på faget, og meiner han har fått eit godt utbytte av tida i Fokus Elektro. Han har nokre tips til andre lærlingar:

– For å skaffe læreplass må du møte opp personleg, det held ikkje med ein mail. Vær blid og glad, og vis at du er oppegåande. Det er viktig å gi eit godt inntrykk. Og når du først har fått ein læreplass er det viktig å møte presis og følge med på kva montørane seier. Spør heller ein gang for mykje enn for lite!

– Hyggeleg å bli nominert

Hugøyfortel at det var veldig hyggeleg å bli nominert til Norges Hyggeligste Håndverker, og at det er gøy at også lærlingar får vere med «de store karane». I nominasjonen trekkjast det fram at han har god arbeidsmoral og er ein hyggeleg kar, som på under eitt år har blitt trygg på elektrofaget.

– Det er veldig hyggeleg at folk stemmer og vil pushe meg oppover. Eg er takknemleg for det, avsluttar den unge lærlingen som kan bli Norges Hyggeligste Håndverker.

Her kan du stemme på Ole Kristian Hugøy

Handverkarar som gir det vesle ekstra

Norges Hyggeligste Håndverker er eit initiativ frå handverkarbransjen for å skape større stoltheit og engasjement for handverksyrka. Det er andre gang kampanjen vert arrangert, og engasjementet har vore enormt. 2444 nominasjonar har komme inn og over 210 000 stemmer er registrert.

Tal frå Prognosesenteret viser at nordmenn bruker over 70 milliardar på oppussing i året – meir enn noko anna land i Europa.

Administrerande direktør Christel Borge i småbedriftenes mobilselskap Dipper er ein av initiativtakarane bak Norges Hyggeligste Håndverker. Ho meiner at Norge stoppar opp utan handverkarar, og at det derfor er viktig at dyktige og hyggelege handverkarar vert løfta fram.

– Fagleg dugleik, seriøsitet og erfaring er ikkje det einaste som er viktig når vi vel handverkar. Handverkarar fortel at dei jobbar tett på all slags folk og at gode samarbeidsevner og dialog også er viktig for sluttresultatet. Men kvifor er det nesten berre dei dårlege handverkar-historiene vi høyrer? Nettopp derfor er vi på jakt etter handverkarar med glimt i auget og som gir det vesle ekstra. Vi veit at det er mange av dei der ute, seier Christel Borge.

Vinnaren vert kåra 15. september

Kven som går til topps i konkurransen blir avgjort 15. september under Boligmessen i Telenor Arena. Jurymedlem Ramstad frå Byggenæringens Landsforening innrømmer at juryen har ein vanskeleg jobb framfor seg:

– Det er 22 svært sterke kandidatar som er i finalen, men til slutt må vi ta ei avgjerd om kven som skal gå heilt til topps. Eg gler meg til å bli betre kjent med finalistane dei neste vekene og er sikker på at vi finn ein verdig vinnar til slutt, seier Anette Ramstad i Byggenæringens Landsforening.

Artikkeltags