Autoforum er seld

Frank Robert Klakegg

Frank Robert Klakegg

Artikkelen er over 1 år gammel

Selskapet Auto 8–8 Bil AS har kjøpt opp Autoforum i Florø og Førde.

DEL

I tett samarbeid med Ford Motor Norge AS er det inngått avtale mellom Auto 8–8 Bil AS og Autoforum AS, om at Auto 8–8 kjøper samtlege aksjar i Autoforum AS.

Oppkjøpet omfattar også eigedommane i Førde og Florø, skriv Ford Motor Norge i ei pressemelding.

– Med oppkjøpet i Førde og Florø har Auto 8-8-gruppen ansvaret for heile Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Området vert dekt med Ford-forhandlarar på seks ulike stader; Kristiansund, Eide, Ålesund, Molde og no også Førde og Florø, i tillegg til underforhandlarar i Ørsta og Åndalsnes, og avtaleverkstader i Surnadal og Leikanger, seier administrerande direktør i Ford Motor Norge AS, Per Gunnar Berg.

Autoforum

Autoforum Foto:

– Nøgde

Auto 8–8 har over tid bevist at dei evner å ta godt vare på kundar, og jobbar målretta med Ford, seier Berg.

Overtakinga er effektiv frå tysdag 20. mars.

– Vi er svært godt nøgde med løysinga, som legg til rette for enda tettare samarbeid med Ford Motor Norge AS, uttalar konsernleiar og majoritetseigar i Auto 8-8, Terje Sildnes.

– Vi har ambisiøse planar for Ford, og vil halde fram å drive frå dei nyleg oppgraderte anlegga i Førde og Florø. Autoforum AS er ein Ford-forhandlar med solid historie, djup forankring i det lokale miljøet og entusiastiske medarbeidarar som vi gler oss til å jobbe tett saman med, legg Sildnes til.

– Naturleg, seier Klakegg

Frank Robert Klakegg er ein av deleigarane i Autoforum, som no har seld seg ut:

– Det var naturleg for oss å innleie samtalar med Auto 8-8, som vi ser på som ein solid aktør i vårt nabofylke. Vi har nyleg gjort vesentlege oppgraderingar på våre anlegg og selskapet er godt rigga for framtida. Med Auto 8–8 som eigar har vi trua på vidare god drift i eit veldrive konsern, seier Klakegg.

– Kvifor valde de å selje ei bedrift som trass alt går bra?

– Det går mot større og større konstellasjonar i bilbransjen. Stordriftsfordelane større selskap fører med seg er ein stor fordel, spesielt i ein så krevande bransje som bilbransjen. Det gjeld til dømes det å kunne samarbeide om innkjøp av bilar, kompetanse, og så kan ein bytte og hente bilar frå dei ulike forretningane i konstellasjonen. Dermed sit ikkje kvar einskild forretning med eit stort varelager. No får vi også stordriftsfordelane konkurrentane har. Alt blir som før, berre at ein plussar på fordelane vi ikkje hadde før. Dessutan, Auto 8–8 er ein solid aktør med veldig bra folk som vi har blitt kjende med over lang tid, presiserer Klakegg. 

Frank Robert Klakegg

Frank Robert Klakegg Foto:

Artikkeltags