Ho brukar fødselstriks frå 1800-talet

JORDMOR: Kari Klocke har starta for seg sjølv som jordmor, og ønsker på sikt å tilby heimefødslar i Flora. Sjølv fødde ho dottera Dina heime i leilegheita – midt i Oslo. – Den natta angra eg litt på at eg ikkje hadde gitt naboane beskjed om at eg skulle føde heime, seier Klocke. Foto: Linda Regina Bruvik

JORDMOR: Kari Klocke har starta for seg sjølv som jordmor, og ønsker på sikt å tilby heimefødslar i Flora. Sjølv fødde ho dottera Dina heime i leilegheita – midt i Oslo. – Den natta angra eg litt på at eg ikkje hadde gitt naboane beskjed om at eg skulle føde heime, seier Klocke. Foto: Linda Regina Bruvik

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Jordmor Kari Klocke har starta sitt eige firma, med ein draum om å endre fødselsomsorga i Norge til det betre.

DEL

I fjor starta ho føretaket «Jordmorhandverk», og flytta heim til Florø frå hovudstaden.

No har Klocke gitt ut sin eigen fødselsmanual, har inspirert mellom andre Rikshospitalet til nye tiltak, og reiser land og strand rundt for å halde føredrag for andre jordmødrer om fødselsmekanikk. Mange gonger er dottera Dina (1) med, gjerne i beresjal, mens Kari fortel, forklarar og viser plansjar for grupper av fagfolk.

Eit av føredraga ho held heiter «Fødekroppens skattekiste».

– Kva er eigentleg fødselsmekanikk?

– Det handlar om mekanismane i ein fødsel, å hjelpe kvinna til gunstige posisjonar i fødselen for å hjelpe barnet på veg ut. Før det blir problem eller fødselen stoppar opp. Det er førebyggande, og det dreier seg rett og slett om å bruke kroppens natur i fødselen, forklarar Klocke.

I Norge er det strenge rutinar på kor lenge ein fødsel kan vare. Det gir lite rom før individuelle ulikskapar hos fødekvinna, og fører til inngriping som kan gi komplikasjonar i fødselen.

Men Klocke meiner det finst mange gode tiltak ein kan gjere for å få god framgang i fødselsforløpet, ved å bruke kroppsstilling, løyse opp spente musklar og sener, og bruke tyngdekrafta for å hjelpe barnet ut. Dette kan føre mindre bruk av medisinar, sugekopp/tang og keisarsnitt.

Endra rutinane

Det starta då Klocke arbeidde som jordmor ved Ullevål sjukehus i Oslo, og det i 2014 blei sett i gong eit nasjonalt forbetringsprosjekt ved handtering av langsam framgang og tilstadevere av jordmor i aktiv fødsel. Fokuset på utvikling av fødselsomsorga tente noko i Klocke. Ho begynte å gruble på kva anna ho kunne gjere som jordmor på fødestova – utan for mykje inngriping.

– Eg er opphavleg tysk, og begynte å lese tysk litteratur om fødselsmekanikk. Der var stillingar og handgrep tilbake frå 1800-talet beskrive. Og det var veldig spennande. Eg fann utruleg mange handgrep som jordmor kunne bruke for å hjelpe barnet ut, prosedyrar som var vanlege frå før ein begynte å føde på sjukehus, og frå før ein hadde instrumentelle tiltak, fortel den engasjerte jordmora.

Mange av grepa tok ho med seg inn i jobben, og det viste seg å vere svært så effektivt.

Det førte til at ho fekk dele sine funn med kollegaer på interne fagdagar på Ullevål.

Hindrar keisarsnitt

– Det er mellom anna ei stilling som heiter Walchers. Den er heilt fantastisk. Med denne har vi faktisk hindra fleire keisarsnitt, der barnet har stått fast på skambeinet og ikkje komme seg ut. Det er fleire tilfelle eg har kjent barnet komme vidare ned i bekkenet etter at eg har utført denne manøveren.

Gustav A. Walcher var ein lege og lærar på jordmorskulen på 1800-talet, og no har altså Klocke børsta støv av prosedyrane hans. Og som følge av hennar arbeid har denne blitt ein del av ikkje-invasive tiltak på mellom andre Rikshospitalet og Ullevål sine fødeavdelingar.

– No spør legane om jordmor har prøvd Walchers før kvinna vert sendt til keisarsnitt, fortel ho.

I Walchers vippar ein bekkenet opp, slepp låra ned, og får såleis strekt ut skambeinet. Då får ein meir fleksibilitet og bevegelse i bekkenet, og ungen kan lettare passere.

-Eg får mange tilbakemeldingar frå jordmødrer som har tatt i bruk nokre av desse tiltaka og manøverene. Dei seier det er kjekkare å jobbe, dei føler dei har fleire verktøy, og det blir meir humor og god stemning. Ikkje berre liding.

– Det er ei ny rørsle no, som handlar om å få tilbake det gamle jordmorhandverket. Å fremme god helse i staden for å sjukeleggjere, seier Klocke.

MANUAL: Kari Klocke har laga ein manual om fødselsmekanikk. Ho var sjølv modell for manualen, og bilda vart teke då ho var gravid med dottera Dina. Her demonstrerer ho og ei jordmor Walchers manøver.

MANUAL: Kari Klocke har laga ein manual om fødselsmekanikk. Ho var sjølv modell for manualen, og bilda vart teke då ho var gravid med dottera Dina. Her demonstrerer ho og ei jordmor Walchers manøver.

Fødde heime

Sjølv fødde Kari dottera heime i leilegheita midt i Oslo, med hjelp frå to jordmorkollegaer frå Ullevål, og søstera si Annika.

– I løpet av den natta angra eg litt på at eg ikkje hadde fortalt naboane at eg skulle ha heimefødsel... Men det var veldig lærerikt. No har eg gjort det sjølv!

(Saka held fram under faktaboksen)

Vil du vite meir?

Kari Klocke sine lesetips til dei som vil vite meir om kvinnekroppen og fødslar, og førebu seg til fødsel:

«Spiritual midwifery» av Ina May Gaskin

Grantly Dick-Read og Michel Odent Michelle Odent, «Childbirth wothout fear»

Frédérick Leboyer, «Birth without violence»

Vil tilby ekstraservice lokalt

Som privatpraktiserande jordmor ønsker Kari Klocke å tilby ekstraservice til kvinner lokalt.

– Det er ikkje eit mangelfullt tilbod i Flora. Helsestasjonen har eit godt tilbod. Men eg vil tilføre og gi noko ekstra. Kvinner kan tene på meir kunnskap om eigen kropp, og å lære kva som bur i ein sjølv, seier Klocke.

– Mellom anna korleis kvinner allereie i svangerskapet kan gjere ting for å førebu seg til fødselen, og å ta godt informerte val, seier ho.

Ho ønsker mellom anna å arrangere kurs for gravide. Målet hennar er å gi kvinna kunnskap om eigen kropp og dens funksjonar, så ein kan gjere informerte val. Gravide har mellom anna rett til å velje behandlar i svangerskapet og fødeplass, det er det mange som ikkje veit.

Og på sikt er draumen å kunne tilby heimefødslar i samarbeid med helsestasjonen og fødeavdelinga i Førde.

– Forsking viser at for friske

kvinner med lavrisikosvangerskap, så er det faktisk best å føde heime eller på såkalla «lavrisikoeiningar», som fødestove eller jordmorstyrt fødeeining, fortel Klocke.

– Ved meir spesialiserte fødeeiningar så er sannsynet for unødvendig intervensjon (innblanding) større og kan føre til komplikasjonar i fødselen, påpeikar ho.

Per i dag har også Klocke eit deltidsvikariat ved helsestasjonen i Florø ved sidan av einmannsføretaket. Gjennom vikariatet har ho svangerskapskonsultasjonar i Svelgen og jordmorvakt og følgeteneste for fødande i Flora kommune.

Korleis få ein ideell fødsel?

Men korleis kan ein best legge til rette for den ideelle fødselen? I mange tilfelle stikk motsett av kva ein høyrer om og ser på tv.

Du har sikkert sett scena tallause gonger. Vatnet går med eit plask, kvinna vert køyrd til sjukehuset i full fart, og vert lagt på ryggen i ei seng. Der ligg ho og hyler og skrik, pustar og pesar, får beskjed om å trykke, og held pusten i lange periodar mens ho forsøker å presse ut ungen. Rundt står det folk og heiar på fødekvinna, i full flaumbelysning. Det er kort og godt masse oppstyr.

Ikkje ideelt

– Slik er det heldigvis ikkje her i Norge. Vi veit at kvinna treng fred og ro. Dempa belysning, lite støy. Og det er absolutt ikkje noko lurt å halde pusten!, fortel jordmor Kari Klocke.

Kroppen må få jobbe uforstyrra, den er skapt for denne situasjonen. Og fødekvinna sine naturlege hormon har veldig mykje å seie i ein fødsel. Vert situasjonen oppjaga, kan adrenalinet kople inn. Det forstyrrar andre hormon, som «kjærleiks-/fødselshormonet» Oxytocin, som står ansvarleg for å skape effektive rier og dermed framgang i fødsel. Det kan igjen forstyrre produksjonen av kroppens eige morfin, som skal gi smertelindring.

– Ein fødsel er ikkje ein sportsleg prestasjon. Det er ei høgtideleg livshending, som ein skal vere varsam med. Du skal ikkje berre føde ein baby heller, du skal også sjølv fødast fram til å bli mor.

Då fekk eg kommentaren; «Du er jo ei skikkeleg hippie-jordmor» Men det fønka jo!». Då vart eg litt stolt.

Kari Klocke

Hippie-jordmor

Klocke har eit heilt konkret eksempel.

– Eg kom på jobb og skulle ta over ein fødsel, der kvinna skulle føde normalt. Men på grunn av risikosvangerskap, så var ho lagt inn på ei operasjonsstove for moglegheit til hastekeisarsnitt. Eit stort og framand rom med masse operasjutstyr, full flaumbelysning, og mange personar til stades som heia og oppmuntra henne. Stakkars kvinne!

Då gav Kari grei beskjed. Skulle ho som jordmor vere med på denne fødselen, så skulle lyset av og kvinna måtte få ro.

Det var protestar og rare blikk, men ho stod på sitt, og fekk gjennomslag. Og fødselen gjekk fint.

– Då fekk eg kommentar etterpå «Du er jo ei skikkeleg hippie-jordmor! Men det fønka jo!». Eg blei litt stolt, smiler ho.

Artikkeltags