Widerøe med monopol på flyrutene

Artikkelen er over 4 år gammel

Danish Air Transport sitt tilbod Røros-Oslo blei avvist og det er monopol på kortbanenettet.

DEL

Samferdselsdepartementet lyste 7. mai 2015 ut eit nytt anbod på regionale ruteflygingar i Sør-Norge. Flyselskap i alle EØS-land blei invitert til å levere anbod på drift av til saman åtte flyruter for perioden 1. april 2016 – 31. mars 2020. Dei aktuelle flyrutene var:

1. Røros – Oslo
2. Førde – Oslo
3. Sogndal – Oslo
4. Sandane – Oslo
5. Sogndal – Bergen
6. Sandane – Bergen
7. Førde – Bergen 
8. Ørsta-Volda – Bergen

Danish Air Transport hadde kun levert tilbod på Røros-Oslo, men blei avvist på grunn av for få daglege avgangar.

LES OGSÅ: DAT vil kun fly Røros og – Florø er for lite for to flyselskap

Rutene på Florø Lufthamn er no kommersialisert og får ikkje offentleg tilskot lenger.

LES OGSÅ: Flybillettane kan bli dyrare og - Florø er blitt for stor

Administrerende direktør i Widerøe, Stein Nilsen, seier dette om offentleggjering av tildelinga.

- Dette var ei viktig avklaring for drifta vår dei neste fire åra. Vi vil fortsette å jobbe med kvaliteten i leveransen vår, slik at vi fortsatt kan gi eit godt og sikkert reisetilbud til folk i Sør-Norge.

-Vi skal levere så godt vi kan innenfor de rammene vi er blitt tildelt, seier Nilsen.
 

Berre Widerøe og Danish Air Transport la inn anbod i utlysninga frå Samferdselsdepartementet.-

- Vi veit aldri kven og kor mange som konkurrerer med oss i eit anbod. Vi reknar med fleire tilbydarar og reknar som om vi har konkurranse på samtlege ruter, seier Nilsen.

Artikkeltags