Firdaposten flyttar heim

Artikkelen er over 2 år gammel

Borte bra, men heime best. Firdaposten flyttar tilbake i eige kontorbygg etter vasskaden i vinter.

DEL

I dag er det flyttesjau igjen, men i løpet av dagen vil avisredaksjonen og marknadsgjengen vere på plass i eigne lokale  att etter at bygget vart råka av ein stor vasskade den 8. desember.

Den morningen vi vart overfløymde av vatn frå taket av bygget, fekk vi "naudhjelp" frå Malvin Horne og A til Å. Avisa vart produsert og levert til deadline den 8. desember frå A til Å sine lokale i ytre Strandgata.

LES OGSÅ:

- Vi har fått veldig god hjelp heile vegen frå huseigarar til flinke handtverkarar, som har stilt opp for oss. No skal det bli godt å komme i eige hus, seier redaktør Svend Arne Vee.

Den redaksjonelle aktiviteten kjem til å bli redusert tidleg på dagen i dag.

- Men vi kjem sterkare attende, smiler han.

Lokalhistorikar og veteranjournalist Harald J. Stavang etterlyser meir hylleplass til eige arkiv.

Lokalhistorikar og veteranjournalist Harald J. Stavang etterlyser meir hylleplass til eige arkiv. Foto:

Artikkeltags