– Her bør fleirbrukshallen ligge

BYGG HER: Martin Malkenes og MDG meiner ein bør bygge fleirbrukshall her, med fotballbane på taket. Foto: Tarjei Langeland

BYGG HER: Martin Malkenes og MDG meiner ein bør bygge fleirbrukshall her, med fotballbane på taket. Foto: Tarjei Langeland

Artikkelen er over 2 år gammel

MDG lanserer no eit nytt forslag til gymsal for Florø barneskole. – Eit alternativ som vil vere svært positivt for heile Florø, meiner Martin Malkenes.

DEL

Miljøpartiet Dei Grøne meiner den nye fleirbrukshallen for elevane ved Florø barneskole bør byggast i området mellom skulen og prestegarden.

– Med alternativet vi har fått teikna her, så får ein meir leikeareal ved skuleplassen, som er nødvendig. Ein får også opna opp mot vatnet, og kan legge til rette for mange aktivitetar i området rundt hallen, seier Malkenes.

Spennande aktivitetar

– Ein kan ha kanopadling og segling i gymmen, klatring på hallveggen, kanskje mini-fiskeoppdrett og andre naturfagaktivitetar ved vatnet. Her er uendeleg med moglegheiter.

Ei slik løysing gjer også at ein kan bevare dei små leikeområda som skulen har i dag, som Eventyrskogen.

MDG meiner det bør vere uproblematisk å bygge ein hall på denne måten.

FLEIRBRUKSHALL: Mange løysingar er lansert for gymfasilitetar for Florø barneskole. MDG meiner den bør byggast mellom prestegarden og skulen, delvis på kyrkja sin eigedom. Illustrasjon: MDG

FLEIRBRUKSHALL: Mange løysingar er lansert for gymfasilitetar for Florø barneskole. MDG meiner den bør byggast mellom prestegarden og skulen, delvis på kyrkja sin eigedom. Illustrasjon: MDG

– Eg kan heller ikkje sjå at det skal bli noko dyrare enn andre løysingar. Dette opnar for mange gode aktivitetar både i og utanfor skuletida, seier han.

Han ser ikkje det som noko stort problem å ta delar av hagen til prestegarden.

– Hagen er på same storleik som heile uteområdet til barneskulen. Om presten misser noko av hagen, så kan ikkje det bety så mykje.

Håpar på støtte

Malkenes meiner at mange politikarar undervurderer kor krevjande det er å flytte 30 elevar for å ha ein gymtime.

– Berre å forflytte ein klasse til samfunnshuset kan skape utfordringar, både med tid og tryggleik. Det er så mange element som ikkje er tenkt på, meiner han.

– Og bygger ein der Eventyrskogen ligg, misser ein leikeareal. Eit anna alternativ som vert diskutert no, er mellom sjukehuset og skulen. Det er heller ikkje nokon god idé, meiner han.

Malkenes har sendt forslaget til samarbeidspartia i Kvintetten, og håpar på støtte der.

– Eg håpar også at dei andre partia i bystyret, og folk elles, vil sjå på dette forslaget og vurdere moglegheitene seriøst. Dette er den beste løysinga!

- Bygg hall på Krokane

MDG meiner også at kommunen bør bygge fleirbrukshall på Krokane.

– Det vil gi eit kjempeløft til bydelen, seier Martin Malkenes.

– Hallen kan anten komme i staden for fotballhallen ved Likkjevatnet, eller den kan komme i tillegg på eit seinare tidspunkt, seier Malkenes.

Ein hall vil løfte bydelen på mange ulike måtar, både gjennom å skape mange ulike aktivitetstilbod, som forsamlingshus, og å gjere området mykje meir attraktivt.

– Når ein skal investere mykje pengar i ein ny hall, så er det viktig å tenke heilskapleg, og tenke byplanlegging. Ikkje berre tenke det konkrete byggeprosjektet. I tillegg til å løfte bydelen vil det redusere biltrafikken til sentrum mykje, trur Malkenes. Mange i Krokane- og Brandsøyområdet køyrer til og frå stadion og Florø idrettssenter på ettermiddagstid. Kan dei trene på Krokane i staden er det enklare å sykle, og ein vil uansett spare sentrum for denne biltrafikken. Kanskje kan det også påverke behovet for utbygging av Markegata, trur Malkenes.

Artikkeltags