Skal du til Kleiva i dag, må du køyre frå andre sida av byen

Tysdag og onsdag pågår det arbeid på Kleiva i Florø.

DEL

Tysdag 29. og onsdag 30. oktober pågår det arbeid i vegbana på Kleiva bydel i Florø. Vegen vil vere stengd på dagtid, og skal du til området må du køyre via Keilevegen, som i aust blir opna for ordinær biltrafikk.

Det er gravearbeid for å kople to bustader på det kommunale leidningsnettet som er årsaka til stenginga og omkøyringa. Arbeidet blir utført av entreprenør Bjerck & Brendø, og etter endt arbeidsdag vil ei av køyrebanene vere open for trafikk.


Artikkeltags