Kvalross stranda i Florø

Kvalrossen har stranda  på Solheim i Florø. Foto: Flora kommune

Kvalrossen har stranda på Solheim i Florø. Foto: Flora kommune

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein kvalross på rundt to tonn, med avkappa støttenner, har skylt på land på Solheim.

DEL

Tysdag kveld meldte politiet om ein daud kval som hadde stranda på Solheim i Florø. Saka vart sendt vidare til Flora kommune som forureiningssak.

Onsdag fortel brannsjef Magne Igland at det ikkje er ein kval som ligg stranda, men ein kvalross.

- Det er ein type kvalross, som ikkje er vanleg på våre trakter. Den har vore daud ei stund, og har begynt å gå i oppløysing, seier Igland til Firdaposten.

Kvalrossen er truleg på om lag to tonn, og det ser ut som støttennene har blitt kappa av.

- Eg har ikkje peiling på korleis dette dyret har komme hit. Eg vil tru det har døydd ein annan stad, og så komme hit med straumen, seier Igland.

- Vanleg på Svalbard

Kvalrossen er ein type sel, ikkje ein kval. Den held seg vanlegvis rundt Svalbard og i Barentshavet, men det hender at enkeltdyr tar seg ein «sydenferie», opplyser Havforskingsinstituttet til Bergens Tidende.

- Vi har observasjon av ein kvalross som tok seg til Færøyene. Dette dyret blei det satt ein satelittsendar på, og det drog tilbake til Svalbard, seier havforskar Tore Haug til avisa.

Bergens Tidende har også vist han bilde av kvalrossen i Florø. Haug seier det ser ut som tennene er kutta.

- Det er ikkje uvanleg at ein tar slike tenner som suvenirar. Dei er attraktive som tennene på elefantar. Kvalrossen har imidlertid vore freda sidan 1952.

Skal opne kadaveret

I  løpet av torsdag er planen at Mattilsynet skal opne kvalrossen, for å sjå kva som er i magen, og om det kan vere plast som har teke livet av den.

Men brannsjefen trur ikkje det er dødsårsaka.

Artikkeltags