Krev at Florø får forsyne nytt oljefelt

NYE MOGLEGHEITER? Garantiana-utbygginga vil føre med seg mykje drifts- og forsyningsaktivitet. Fylkesrådmann Tore Eriksen peikar på basen i Florø.

NYE MOGLEGHEITER? Garantiana-utbygginga vil føre med seg mykje drifts- og forsyningsaktivitet. Fylkesrådmann Tore Eriksen peikar på basen i Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Olje- og gassfeltet Garantiana vest for Florø skal konsekvensutgreiast. – Dette må bli eit Sogn og Fjordane-prosjekt, meiner fylkesrådmann Tore Eriksen.

DEL

Sogn og Fjordane ser ein ny sjanse til å styrke oljeaktiviteten i Florø, når det nye olje- og gassfeltet Garantiana no skal konsekvensutgreiast, med tanke på mogleg boring i 2019 og 2020, og produksjonsstart i 2020-21. Total E&P Norge AS eig 40 prosent av lisensen, dei andre lisensdeltakarane er Aker BP ASA (30 prosent) og Point Resources AS (30 prosent). Investeringskostnadane er venta å ligge på mellom ti og femten milliardar kroner, noko som betyr at planane vil bli godkjent av departementet, og ikkje handsama i Stortinget. Feltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, med kortaste veg til land i Florø, og er rekna å ha ei levetid på 10–15 år. Utbyggingsalternativa står mellom å knyte feltet til Knarr, Visund eller Gullfaks, eller å gjere ei frittståande utbygging. Alle utbyggingsalternativa vil føre med seg mykje aktivitet i form av drifts- og basetenester. Dette skriv Firda.

– Uavhengig av løysing er det viktig at dette blir eit Sogn og Fjordane-prosjekt, skriv fylkesrådmann Tore Eriksen, før fylkesutvalet 20. juni skal gi fråsegn til programmet for konsekvensutgreiinga av feltet.

Der kan det ventast full politisk tilslutning til dette kravet.

«Vårt absolutte nærområde»

– Garantiana ligg i vårt absolutte nærområde. Vi har i dag ein infrastruktur for å understøtte aktiviteten i dette området. Grunnlaget for å få til gode og effektive samarbeidsløysingar mellom operatørselskapa burde difor vere det aller beste, skriv fylkesrådmannen i ei utgreiing til fylkesutvalet.

Kortaste avstanden til kystlina – nærare bestemt øygrupper utanfor Florø – er på 97 km. Kortaste avstand til fastlandet er 118 km. Avstanden til Bergen er omlag 185 km.

– Røynslene frå utbygging og drift av Gjøa, og i den seinare tid også Knarr, tilseier at det å få fleire operatørselskap til å etablere aktivitet lokalt betyr mykje og tilfører ny dynamikk og ringverknader ut over det volumet i seg sjølv tilseier, hevdar fylkesrådmann Eriksen.

Strategisk viktig

Han meiner Garantiana er eit felt som det er strategisk viktig å forankre i Sogn og Fjordane, ut frå lokaliseringa i Nordleg Nordsjø, nær andre felt som fylket har aktivitet knytt til.

Dei aktuelle vertsfelta Knarr, Visund og Gullfaks ligg høvesvis 23, 29 og 52 km unna Garantiana.

Det tilrådde boreopplegget inneber boring av tre produksjonsbrønnar og tre injeksjonsbrønnar for vatn. Boringa skal gjerast med ein halvt nedsenkbar borerigg over ein periode på eitt og eit halvt år. Kaks frå boring med vassbasert borevæske vil bli sleppt ut på feltet. Eventuell oljebasert borekaks skal fraktast til land for forsvarleg handtering.

Artikkeltags