Spennande aktivitetar i vente

Gjøa.

Gjøa. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Ekspertane ser mange nye næringsmoglegheiter i havrommet utforbi kysten vår.

DEL

Spørsmålet er berre "kva moglegheiter finst det eigentleg?" Det vil vi få svar på på torsdag kveld, når GCE Subsea i samarbeid med Maritim forening Sogn og Fjordane, Norsk petroleumsforening og lijeforeningen Infundo inviterer til temamøte i Florø.

- Då kjem verdsleiande ekspertar for å vise kva vi kan få til her, om vi er i forkant av utviklinga. Havet og kysten utenfor Sogn og Fjordane opnar for nye moglegheiter ved bruk av teknologi på tvers av bransjer. Temamøtet vil ha fokus på nye moglegheiter i havrommet, til dømes subsea-mining, miljøovervaking, offshore vind, offshore havbruk, tidevasskraft, biologisk kartlegging med mer, seier Trond Strømgren i GCE Subsea.

Mellom dei som skal halde foredrag torsdag er Rolf Birger Pedersen, med sin ekspertise på mineralforekomster på havbotnen. Solveig Willis frå Salmon group skal også orientere om moglegheiter innan offshore havbruk. Subseateknologi skal også diskuterast. Møte er ope for alle som vil.

Artikkeltags