– Eg må ha med havet

Blått bakteppe: Kulissane til låta «Are We Changing» fann Elise Gulestøl mellom anna i Havreneset.Foto: Privat

Blått bakteppe: Kulissane til låta «Are We Changing» fann Elise Gulestøl mellom anna i Havreneset.Foto: Privat Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

KALVÅG/ FLORØ: Motefilmskapar Elise Gulestøl frå Kalvåg lever ut draumen om å jobbe som filmskapar på fulltid. Denne veka gjorde ho opptak til sin første musikkvideo.

DEL

I ekte vestlandsvêr som veksla frå sol til rivande storm, har 24-åringen tatt med seg artist Ida Stein på ei rundreise langs kysten denne veka. Artisten blir omtala av norsk musikkpresse som den neste stjerna innan norsk elektropop.

Gjer alt sjølv

Gulestøl vaks opp på Nesje i Kalvåg. Opptaka til musikkvideoen gjorde ho der, i Florø og på Refviksanden. Ida Stein og manager Werner Peschut valde 24-åringen som musikkvideo-produsent på grunn den spesielle kystestetikken som går att i videoane til Gulestøl. Ho jobbar no som frilans videoskapar på fulltid, og har stått for all planlegging til produksjonen.

– Det Elise har laga tidlegare er så bra, så vi sa at ho kunne gjere akkurat kva ho ville, fortel Peschut. Då dei kom til kysten for å gjere opptak vart tyskaren «blown away», både i overført og bokstaveleg tyding. Vêret endra seg nemleg frå sol til den verste stormen Gulestøl har opplevd på dag nummer to av filminga. Det gjorde at ho nesten måtte gi opp, men gav stilige bilde til videoen som skal vere klar om rundt tre veker.

Kinn-video blei suksess

Til no har Gulestøl laga kortfilmar og motevideoar. Det siste er kortfilmar som presenterer moteprodukt på ein meir levande måte enn stillbilder kan. Motevideoen «Into Wilderness» filma på Kinn i fjor sommar, vart kåra til ein av dei offisielle motevideoane på Milano Fashion Film Festival. Der vart den sett av trendbevisste folk frå heile verda. Gulestøl har jobba med film sidan ho gjekk på vidaregåande i Oslo, den gongen sidelengs regn fekk ho til å tenke at ho måtte vekk frå kysten. Men så kom lengselen som har skapt det visuelle uttrykket ho alltid returnerer til.

– Lengselen etter havet, vinden, regnet ... det prenta seg inn i meg. Eg treng havet, fortel Gulestøl, som har flytta basen til Førde for å komme nærare kysten og kjærasten. Filmskaparen vurderer no å flytte til Florø. Draumen er nemleg å kunne halde fram å leve av å lage musikkvideoar – og å komme endå nærare havet.

Sjå bildeserie frå musikkvideoinnspelinga på firdaposten.no.

Artikkeltags