Søndag morgon fekk Børre Sivertsen og Svend Arne Vee i Florø ei fiskeoppleving dei knapt kjem til å gløyme.

– Vi var ute med båten litt seint utpå laurdagen, då vi fann ut at vi skulle sette to trollgarn i nærleiken av Årebrot, ikkje så langt frå Florø, seier Børre Sivertsen til Firda.

Han vedgår at dei begge vart kraftig overraska då dei skulle ta opp garna morgonen etter.

Aldri sett slikt

– Eg har aldri opplevd makan. Det var jo heilt kvitt nedi sjøen. Den eine fisken etter den andre dukka opp. Og det mest uvanlege var at det såg ut til at dei var støypte i akkurat same forma, både torskane og flyndrene, seier Sivertsen og såg at då begge garna var komme opp, så sat dei att med 13 torskar og 16 flyndrer.

– Torskane hadde kvar ei vekt på omtrent fire kilo, medan flyndrene var noko mindre. Men snakk om fiskelykke, seier Sivertsen, som saman med Vee hadde eit godt fiskemåltid søndag ettermiddag.

Balalaikaorkester

– Eg la ut bilde av fangsten på Facebook, og sjølvsagt har det komme mange reaksjonar etterpå. Ikkje minst er det mange som har lurt på korleis det er mogleg å få så mykje fisk. Og då har eg berre svara som Harald Heide Steen: Vi har fiska med not, oter, trål og balalaikaorkester, ler Sivertsen om den unike fangsten rett nord for Florø.

– I alle torskane var det rogn, så det kan tyde på at dei var på veg inn mot grunnare vatn for å gyte. Uansett har vi fått ein fiskeplass vi kjem til å teste ut seinare.

Med tanke på at vi ikkje sette trollgarna heilt ned mot botnen, var det overraskande at vi også fekk så mykje flyndre. Men vi unngjekk iallfall krabber i trollgarna. Då hadde trollgarna sikkert vore så tunge at vi ville ha fått problem med å få dei over ripa, seier Sivertsen.