Florø verst på kattehald

Artikkelen er over 13 år gammel

FLORØ: Aldri før har så mange kattungar blitt levert til dyreklinikken for avliving som i sommar. Medan Førde og Gloppen har fått kontroll over villkattproblemet, er stoda verre enn nokon gong i kystbyen.

DEL

Jenny B. Rolness og Dyrebeskyttelsen i Florø fortvilar. Til no i år har produksjonen av villkatt-ungar slått alle rekordar i Florø, og byen vrimlar av små nøste utan ein heim, utan retningssans og utan nokon til å ta hand om seg.

Monnar ikkje

- I sommar har det strøymt på med meldingar frå folk om bortkomne, utsvoltne kattungar som treng omsorg og hjelp. Av 50-60 slike meldingar på kort tid, klarar vi kanskje å omplassere 15. Resten må vi avvise, seier Rolness.

I heile fylket har Dyrebeskyttelsen ikkje meir enn fire personar som aktivt jobbar med å omplassere kattar. Dei har lukkast med å få bukt med villkattproblemet i andre kommunar, som Førde og Gloppen. Men i Florø er det langt frå mange nok som har lagt ut den tusenlappen det kostar å sterilisere ein hokatt.

Eit samfunnsproblem

No ber Rolness florøfolk om hjelp:

- Heimlause kattar er faktisk eit samfunnsproblem. Det er ikkje lenger nok at nokre få frivillige i dyrebeskyttelsen og nokre eldsjeler blant veterinærane prøver å løyse dette.

Artikkeltags