2. januar kunngjer dei den nye bilvinnaren

LYKKETROLL: Vesle Einar meiner farmor absolutt fortente å vinne ny bil, men han meiner også at det er rett og rimeleg at farmor no skal vere privatsjåfør då det var han som selde vinnarloddet. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Vinnaren av Florø sportsklubb sitt billotteri blir kunngjort i Firdaposten 2. januar. Då er premien ein Ford Ka.

Vinnarsjansene er gode, seier Øystein Hjertenes i sportsklubben.

– Vi har selt 4167 lodd. Det er litt mindre enn i fjor, då vi selte 5580 lodd, men vi er likevel godt nøgde, seier Hjertenes.

I fjor var det Solveig Baugstø som vann bilen. Ho hadde kjøpt lodd av barnebarnet sitt Einar (11) som gjennom fotballaget sitt hadde fått i oppdrag å selje ti lodd. To av desse selde han til farmor, og det eine var sjølve vinnarloddet. Men altså, kven som vinn årets bil får vi ikkje vite før over nyttår.

Artikkeltags