Tok på seg ansvaret for Norgescupen på kort varsel – Godt mogleg at vi er galne

Kanskje er vi utilregnelege, undrar Haugnes etter å ha tatt i mot Frende Cup.

Kanskje er vi utilregnelege, undrar Haugnes etter å ha tatt i mot Frende Cup. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

2. Runde i Frendecup i baneskyting og stang- og felthurtigsskyting skal i gong neste tysdag. Frende cup er det nye namnet på Norgescupen, no sjølvsagt med sponsornamn. Opprinneleg skulle heile runden gå for seg i Sogn, men plutseleg bestemte skyttarlaga som skulle arangere i Vassbygdi i Aurland seg for at dei ikkje ville ha stang- og felthurtigskyting, grunna dårleg påmelding. Inn som redningsmann kom Florø Skyttarlag, som i lag med Gaular valgte å ta på seg arrangementet på kort varsel.

– Det er godt mogleg at vi er galne, at vi var utilregnelege i handlingsaugneblikken då vi takka ja, men no vert det arrangert på Grovastøylen, seier Bjarte Haugnes i Florø Skyttarlag lattermildt.

– No prøvar vi å legge ein kabal her, påmeldinga er lagt ut og tala har allereie passert hundre, men no må vi bestille ein del utstyr midt i fellesferien og så må vi finne frivillige som kan hjelpe til, held Haugnes fram.

For samstundes som skyttarlaget arrangerer Frende Cup så er det opplæring til landskyttarstemnet i Førde, og der skal også Florø skyttarlag vere med, det har skapt problem rundt antall frivillige.

– Vi har gått ned på eit absolutt minimum av frivillige. Det vert truleg fem stykker kvar dag, noko som heilt sikkert er litt optimistisk, og til no har vi to på plass. Så viss nokon har lyst å vere med å arrangere så set vi pris på det.

For dei som ikkje veit kva stang og felthurtigskyting er for noko gjer Haugnes det han kan for å visualisere det.

– For dei som ser landskyttarstemnet på fjernsyn så er det den øvinga som vert omtalt som texas-konkurransen, forklarar Haugnes

Sjølv om det er ein del utfordringar knytt til å vere arrangør på kort varsel er Haugnes klar på at det har sine fordelar også.

– Det er jo veldig bra for Grovastøylen som anlegg at vi har eit arrangement av ein slik storleik. Samtidig trur eg sentrale hald er fornøgde med at vi greier å ta i mot stemnet på så kort varsel som vi gjere, avsluttar Haugnes.

Den store "innskytinga" av Grovastøylen

Artikkeltags