Fryktar å bli lokalsjukehus

Ronny Cassells

Ronny Cassells Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: – Dersom fleire delar av spesialisthelsetenesta blir sentralisert til Bergen, vil ein sjå at det skjøre korthuset i Sogn og Fjordane vil falle saman.

DEL

Åtvaringa står skriven i eit brev som er sendt frå Sogn og Fjordane legeforeining til styret i Helse Vest. Det melder Firda.

Legeforeininga er uroa for styring og prioriteringar i Helse Førde. Dei meiner manglande arbeid med rekruttering gir grunn til uro for både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i fylket. Dei meiner også at den pågåande omorganiseringa av sjukehuset fører oss i retning av å sitte att med eit lokalsjukehus.

Saka vart først omtalt i Dagens Medisin.

– Eit sentralsjukehus må mellom anna ha ei intensivavdeling for dei aller sjukaste. Der kan det oppstå akutte situasjonar om natta. Utan kirurg på, vakt er det ikkje forsvarleg, seier Ronny Cassels, som er sende brevet til Helse Vest på vegner av styret i legeforeininga.

Fryktar brannsløkking skjuler forfallet

At Helse Førde har gjort ein avtale om at karkirurgen skal jobbe ein og ein halv dag i veka, etter å ha gått av med pensjon, meiner Cassels synleggjer rekrutteringsproblema.

– Har vi behov for eigen karkirurg?

– Det er totalberedskapen eg synest er mest dramatisk, men karkirurgen er eit godt døme. Ein slik kirurg er nødvendig i mange daglege gjeremål som til dømes dialysebehandling. Det er også ei rekke operasjonar som ikkje kan gjerast utan karkirurg tilgjengeleg, seier Cassels.

Han meiner det er viktig å halde liv i fagmiljøa, slik at det kan halde fram med å komme turnuslegar og ein kan han legar i spesialisering.

– I brevet skriv de at vi også står i fare for å bli eit lokalsjukehus på grunn av omleggingar, kva legg de i det?

– Vi følger tett med på dei omleggingane som føregår. Når ein slår saman avdelingar er dei ikkje spesialiserte lenger, og det er det som kjenneteiknar lokalsjukehus. Ein sjukepleiar arbeider til dømes ikkje lenger berre med hjarte, men mange ulike diagnosar. Gjort på feil måte vil det føre til nedbygging av kompetanse.

Tapar kampen om dei unge legane. No er fastlegeordninga i fare

– Kor nære er vi før vi bør gje sjukehuset nytt namn?

– Det er vanskeleg å tidfeste, men det finst noko som heiter brannsløkking. Ein kan halde liv i funksjonar med særs dyre vikarordningar, men då kan ein allereie ha øydelagt eit fagmiljø. Det er mitt skrekkscenario. Fagmiljø er det viktigaste i medisinen og er i seg sjølv rekrutterande, seier Cassels.

– Forsvarleg tilbod

Administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, lovar at innspela i uromeldinga vil bli tatt opp til vurdering, men seier også dette til Dagens Medisin:

– Dette er ikkje tilhøve som krev umiddelbar handling, og er nok ein situasjon som også andre utkantstrok enn Helse Førde strevar med.

Direktør i Helse Førde, Børge Tvedt, deler uroa til legeforeininga når det gjeld nyrekruttering, men han deler ikkje oppfatninga av at Helse Førde ikkje gjer det dei kan for å rekruttere innan alle avdelingar.

– Vi jobbar saman, også med legeforeininga, for å utdanne spesialistar, rekruttere og finne gode løysingar på vaktplanar for å dekke opp, seier han.

Tvedt seier også at det er gjort grep på radiologisk som skal få ned handsamingstida. Det er kring 250 undersøkingar i døgnet, og ifølge Tvedt er det per no berre seks undersøkingar som er eldre enn ei veke.

– Legeforeininga meiner situasjonen kan koste liv, også på kort sikt. Har dei rett?

– Eg registrerer at det er sterke påstandar, men eg er ikkje samd i dei påstandane. Dei må legeforeininga få stå for, seier Tvedt, som meiner det er forsvarleg dekning på kirurgisk.

– Det er forsvarleg at nokre operasjonar blir utførte på Haukeland. Vi har også eit lågt volum i Helse Førde, seier han.

Tvedt vil ikkje kommentere påstandane om at omlegging fører Førde sentralsjukehus nærare å bli eit lokalsjukehus.

– Vi vil svare for styret og gjere ei utgreiing på dette. Det er vi allereie i gang med, seier Tvedt.

Artikkeltags