Snart herre i eige hus

KLUBBHUS: Fantastisk plassering for Florø Seilforening sitt klubbhus.

KLUBBHUS: Fantastisk plassering for Florø Seilforening sitt klubbhus.

Artikkelen er over 2 år gammel

Fire dagar i veka har seglforeninga i Florø dugnad for å ferdigstille det nye klubbhuset til sommarsesongen.

DEL

– Vi håpar å bli ferdige til sommaren. No er det stort sett det innvendige som står att, og det arbeidet blir utført på dugnad, fortel Frode Stavang, leiar i Florø seilforening.

Han viser Firdaposten rundt i det to etasjar høge klubbhuset, yttarst på moloen i Furuholmen båthamn. Utvendig er det meste ferdig, bygginga er utført av Allbygg. Innvendig er det ein del som står att, mellom anna plating, overflater, golv og sjølve innreiinga. Og det skal seglarane sjølve fikse.

– Vi jobbar dugnad tre dagar i veka, og kvar laurdag, fortel Stavang.

HASTVERK: Det byrjar å haste om seglforeninga skal få klubbhuset ferdig til sesongstart. No jobbar dei dugnad fire dagar i veka, fortel Frode Stavang, leiar i Florø Seilforening. T.h. Jonvall Svarstad. Alle foto: Linda Regina Bruvik

Feirar 40 år

I år er seglforeninga 40 år, og jubileet vert krona med eit flott nybygg – i liknande stil som Kystmuseet på andre sida av vågen.

I 20 år har dei jobba for eit eige klubbhus på Furuholmen. Dei har hatt behov for garderobefasilitetar i samband med trening, og eit forsamlingslokale. Og no får dei det, og meir til. I andre etasje ligg eit kjøkken vegg i vegg med storesalen og lillesalen. Forsamlingslokalet har ein fantastisk panoramautsikt over fjorden. Salane er delt med trekkspelvegger som kan takast til side, slik at arealet vert på heile 120 kvadratmeter, og kan dekke til 70 personar.

– Trur vi då, vi har jo ikkje prøvd enda. Men her er god plass, fortel Stavang.

Det er fleire meter under taket. Heile fronten mot sjøen er store glasruter, og i midten kjem det ein balkong som nesten svevar over vatnet.

Allereie utleigd
DUGNAD: Jonvall Svarstad, Frode Øvrebotten, Tom Erik Løseth og Frode Stavang er nokre av dei som jobbar dugnad i klubbhuset.

DUGNAD: Jonvall Svarstad, Frode Øvrebotten, Tom Erik Løseth og Frode Stavang er nokre av dei som jobbar dugnad i klubbhuset.

At dette vert byens nye favorittforsamlingslokale for både konfirmasjon, dåp og jubilantar er det ikkje noko tvil om.

– Vi har faktisk allereie fått bestillingar til neste år. Lokalet er utleigd tre-fire datoar då. I tillegg har vi fått i alle fall eit spørsmål om 2019, fortel Frode Stavang.

UTSIKT: Utsikta frå klubbhuset sine forsamlingslokale i 2. etasje er spektakulær. Her blir det ein stor sal der ein kan dekke til 70 personar.

UTSIKT: Utsikta frå klubbhuset sine forsamlingslokale i 2. etasje er spektakulær. Her blir det ein stor sal der ein kan dekke til 70 personar.

I første etasje får seglforeininga gute- og jentegarderobar, lager og ein eigen verkstad med tekjøkken. Her er det heisbar port ut mot kaia.

– På denne måten kan vi ha aktivitet i første etasje sjølv om forsamlingslokalet er utleigd, seier han.

Artikkeltags