Gå til sidens hovedinnhold

Florø røva INC-gullet

Artikkelen er over 13 år gammel

SVELGEN: Laurdags morgon sparka dei i gang INC-cupen i Svelgen for fjerde gong på seks år.

Med både fotball, volleyball, biljard, miniatyrskyting og pilkasting lokka cupen over 100 tilsette i bedrifter til tevling.

Sjølv om bedriftene frå bygda stilte med mange lag, var det likevel Saga Fjordbase frå Florø som stakk av med begge vinnarpokalane. Laget, som bestod av fire utflytta svelgarar og tre floraværingar, var svært nøgde etter turneringa.

– Vi kom for fotballgullet, og det var ei gledeleg overrasking at vi også tok sigeren i volleyball, erkjente floraværingen Stig Strømsøy,

Underhaldning

Nokre la mykje alvor i dei sportslege prestasjonane, medan andre valde å legge større vekt på underhaldning.

Her skilde spesielt eitt av laga til Bremanger kommune seg ut, i dette tilfellet med kallenamnet «BK Terroristane». Dei stilte opp i militærfargar, parykkar og krigssminke, og var til stor underhaldning for dei oppmøtte.

Alle premiane vart delte ut på banketten på Svelgen Hotell etter cupen laurdag.

Her fekk sjølvsagt også dei individuelle vinnarane merksemd som fortent. Terje Fløtre vart vinnar i pilkast, Trond Kvellestad i miniatyrskyting, medan Trond Hatleset vann biljardturneringa.