Stortingsrepresentant Laila Davidsen (H): – Siste ord er ikkje sagt når det gjeld kystradiostasjonane.

Stortingsrepresentant Laila Davidsen frå Finnmark.

Stortingsrepresentant Laila Davidsen frå Finnmark. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

– Det er ingen som føler dei har fått tak i grunngjevinga frå Telenor for kvifor dei skal legge ned kystradiostasjonane i Vardø, Florø og Tjøme.

Det seier stortingsrepresentant Laila Davidsen (H) frå Finnmark til Firdaposten.

Ho er fleire av representantane frå Høgre som ikkje er nøgd med måten Telenor har gjennomført prosessen før vedtaket om nedlegging av dei tre kystradiostasjonane vart fatta i byrjinga av april. Frå før av har Sveinung Rotevatn i Venstre og stortingsrepresentantar frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstrepart og MDG stilt seg kritiske til Telenor si avgjerd.

Davidsen og partikollegaen Bjørn Lødemel på sognogfjordane-benken har diskutert saka mykje.

– Og eg veit det er fleire av oss i Høgre som ikkje er nøgde med prosessen, seier Davidsen.

LES OGSÅ: – Dei tilsette reagerer med sinne og sjokk

– Telenor har ikkje oppgitt på ein tilfredsstillande måte korleis tryggleiken skal takast vare på. Det har heller ikkje vore ei høyringsrunde. Dette er har vore ei lukka avgjerd, det synest ikkje eg som stortingsrepresentant er greitt. For det første handlar det om arbeidstakarar, for det andre handlar det også om dei som ferdast til sjøs. Telenor har eit samfunnsoppdrag dei skal utføre på vegner av staten, då kan ein ikkje gjere så drastiske vedtak utan at andre har blitt involvert i prosessen, strekar høgrerepresentanten under.

Ho ønsker å få i stand eit oppklaringsmøte med Telenor.

– Eg vil gjerne appellere til Telenor om å ta ein timeout, for deretter å ta ein ny og grundigare prosess. Skal dei gjennomføre noko slikt, må dei i det minste har ein open runde der dei involverte får uttale seg. Og om dei ikkje kan synleggjere for oss alle korleis tryggleiken blir teken vare på med desse tiltaka, må det bli eit politisk spørsmål på ministernivå. Så siste ord er ikkje sagt i denne saka, presiserer Davidsen.

Artikkeltags