Har vore i drift sidan 1938, no legg dei ned Florø Radio

Florø Radio er kjende på lufta, men anonyme i gata. Dei held til i andre etasje her i Telebygget i markegata.

Florø Radio er kjende på lufta, men anonyme i gata. Dei held til i andre etasje her i Telebygget i markegata. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Nyttårsaftan sløkkast lyset.

DEL

Florø Radio er ein av tre kystradiostasjonar som blir lagt ned 1. januar 2018. Det stadfestar no Telenor i ei pressemelding. Dei tilsette vart informert om avgjerda tysdag morgon. Totalt misser 22 fast tilsette og 2 mellombels tilsette ved stasjonane i Florø, Vardø og Tjøme jobbane sine. Samstundes aukar dei med 12 tilsette på stasjonane i Bodø og i Rogaland.

Ifølge Telenor gjennomfører dei no ein fullstendig oppgradering og modernisering av gammal infrastruktur som i dag gir for liten operativ fleksibilitet. Ved overgang til ein fullt ut digitalisert infrastruktur blir det opna for nye moglegheiter for ein betydeleg meir fleksibel, robust og effektiv drift med færre og større kystradiostasjonar, meiner Telenor.

– Desse endringane vil gi oss operative gevinstar og kostnadsinnsparingar som vi treng for å halde fram med å tilby best mogleg kommunikasjon til sjøs, både for fritidsbåtar, yrkesfartøy og offshoreinstallasjonar, seier direktør for Telenor Kystradio, Terje Hammer i pressemeldinga.

Florø Radio vart etablert i 1938. Bakgrunnen var ei rekke grunnstøytingar i florøleia.

– Tjøme Radio, Florø Radio og Vardø Radio er stasjonar som alle har bidrege betydeleg til å skape tryggleik til sjøs i deira område i nærare 100 år. Det er sjølvsagt vemodig å legge ned stasjonar som innan deira regionar har opparbeida eit solid namn og rykte som står for tryggleik til sjøs, seier Hammer.

Les også: – Dei tilsette reagerer med sinne og sjokk

Les også: Smuldrar «Beredskapsbyen Florø» bort?

Artikkeltags