Florø Radio fekk ny mast

EFFEKTIVE: Folk frå Sitecom monterte den nye masta til Florø Radio med assistanse av eit helikopter, som løfta seksjonane på plass.

EFFEKTIVE: Folk frå Sitecom monterte den nye masta til Florø Radio med assistanse av eit helikopter, som løfta seksjonane på plass.

Artikkelen er over 5 år gammel

Florø Radio sitt antenneanlegg på Havreneståa er no komplett igjen, etter at folk frå Sitecom skifta ut den 65 år gamle «skipsradio-masta» lengst vest på neset.

DEL

Spekulasjonane i lokalmiljøet har vore mange etter at masta ytst ute på Havreneståa forsvann nyleg. Men det var ingen grunn til uro kring sentralisering av arbeidsplassar denne gongen. Den gamle 51 meter høge masta, som ein tidlegare kunne sjå lyset på toppen av frå bakke og sjønivå i området rundt, er no erstatta av ei ny 45 meter høg mast.

- På den nye masta vil ein ikkje kunne sjå lyset på toppen. Det vender oppover sidan det er retta mot luftfarten, fortel dagleg leiar Helge Vartdal, som er på plass for å sjå den siste seksjonen bli plassert på toppen av dei drevne folka frå Sitecom.

Masta er den viktigaste for trafikken på Florø Radio. Den er retta mot 21820-frekvensen på mellombølge. Her går trafikken for primærkanalen og naudkanalen på skipsradioen.

Det er to andre liknande master lenger inne på neset. Den mellomste handterer to andre frekvensar på mellombølge, medan den austlegaste handterer overføring av data via «digital cellcall»på mellombølge.

- Vil den teknologiske utviklinga gjere Florø Radio overflødig på sikt?

- Nei. Vi har allereie satellittar og mobiltelefoni, der mesteparten av den kommersielle trafikken er. Likevel er det bruk for både mellombølge og VHF. Ein veit aldri når ein satellitt eller mobilsambandet sluttar å virke, seier Vartdal.

Florø Radio er sikkerheitsnettet til skipstrafikken. Alle fartøy over ein viss storleik er utrusta etter ein internasjonal standard, GMDSS. Via dette systemet vil dei kunne kommunisere på mellombølge når andre system er nede. Fritidsbåtane brukar VHF som sitt tryggaste system for å kommunisere på sjøen.

Artikkeltags