Frå og med måndag kan du parkere gratis i Strandgata

GRATIS: Frå og med måndag slepp du å betale for den første timen, men hugs at du framleis må løyse billett.

GRATIS: Frå og med måndag slepp du å betale for den første timen, men hugs at du framleis må løyse billett. Foto:

FLORØ: Men berre i ein time, og du må framleis passe på å ha billetten godt synleg i frontruta.

DEL

Tidlegare denne månaden sa eit samrøystes formannskap ja til dei næringsdrivande sitt ønske om ein time gratis parkering i Strandgata. Frå og med måndag 24. juni blir endringa innført. Men leiar i Florø Parkering strekar under at du framleis må løyse billett og legge i frontruta.

– Dette blir innført frå måndag av. Då kan du stå i ein time gratis, mot billett. Time to kostar 20 kroner. Det betyr at om du legg på 20 kroner kan du stå i to timar. Legg du ikkje på pengar kan du stå i ein time. Lenger enn to timar er det ikkje lov til å parkere i Strandgata.

Det er Byen Vår Florø som søkte Florø Parkering om å få ein time med gratis parkering i gata etter at erfaringa frå prøveordninga med to timar med gratis parkering i desember var gode. Alle butikkane ønska seg ein vidareføring av ordninga, med ein eller to timar gratis parkering. Frå og med måndag er altså ordninga på plass som ein permanent ordning.

Artikkeltags