Han har starta «operasjon bilvrak»

Har du eit bilvrak ståande på ein eigedom du ikkje eig, kan det hende du snart blir kontakta av Jan Harald Arnesen og Florø Parkering.

Har du eit bilvrak ståande på ein eigedom du ikkje eig, kan det hende du snart blir kontakta av Jan Harald Arnesen og Florø Parkering.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Har du bilvrak «langtidsparkert» på offentleg grunn i Florø, kan det hende telefonen din ringjer snart. 12 eigarar har alt blitt kontakta.

DEL

I tillegg til å administrere byens nye parkeringsreglar, har Florø Parkering også teke på seg ein annan ryddejobb på vegner av kommunen og byen.

- Vi starta opp i fjor, og målet vårt er å bli kvitt mange av dei skjemmande bilvraka som står forlatt mange stader rundt om i Florø. Mange gamle bilar, somme av dei tydelege vrak, står dumpa både i bustad- og sentrumsområde. No ønskjer vi dei bort, seier Jan Harald Arnesen, leiar i Florø Parkering.

Får hjelp av politiet

Så langt er 12 skjemmande bilvrak fjerna, men det er fleire å ta av, konstaterer Arnesen, som har inngått eit samarbeid med politiet i ryddeprosjektet sitt.

- Vi får hjelp til å identifisere eigarane gjennom å finne chassis-nummeret på bilane. Deretter blir eigarane spora opp og kontakta, seier parkeringssjefen.

Betre med vrakpant enn rekning

Eigarane av køyretøya får deretter ein to vekers frist på å fjerne bilvraka. Viss ikkje fjernar Florø Parkering dei, for eigars rekning.

- Det er klart betre økonomi i å fjerne bilane sjølve og innkassere ein vrakpant på 3000 kroner, enn å få ei rekning i posten frå oss, slår Arnesen fast.

Artikkeltags