– Bruk rundkøyringa ved gamle sjukehuset til å sette av barna før skulen

FLORØ: Florø Parkering vil ha skuletrafikken vekk frå SMS-senteret

DEL

Dei nær kaotiske tilstandane ved Florø barneskule i tida før skulen startar om morgonen er ein gjengangar i spaltene våre. Tidleg i desember varsla politiet at dei ville ha fleire kontrollar ved skulen framover, og Florø parkering har, saman med Teknisk drift og SMS-senteret også teke på seg eit ansvar for å trygge trafikken i området.

Ikkje bruk parkeringa på SMS-senteret

Det er ikkje lov å stanse bilen i Hans Blomgata, mellom SMS og skulen, og i desember peika Jan Harald Arnesen i Florø Parkering på at det er betre og sikrare for alle at ein køyrer inn på parkeringsplassen ved SMS for å sette av ungen der. Dette går han no tilbake på.

– Vi har observert at det oppstår farlege situasjonar når fleire bilar køyrer inn på p-plassen til SMS senteret, ein står litt i kø, og det rygges samtidig som vaksne og barn går mellom bilane. Om morgonen er det mange som skal på jobb, og til lege på SMS-senteret. Dette er ikkje særleg trygt miljø for barn, og vi håpar vi kan unngå slike situasjonar i framtida. Det beste for barna er at det ikkje går unødig trafikk mellom skulen og SMS-senteret. Vi tilrår foreldre at dei IKKJE set av barna på parkeringsplassen ved SMS-senteret, og meiner at foreldre IKKJE bør køyre inn mot barneskulen frå Firdavegen i det heile.

Bruk sykkelstien

I staden oppmodar Arnesen foreldra om å sette av barna i Hans Blomgata, ved det gamle sjukehuset, eller kanskje aller helst «rundkøyringa» ved inngangspartiet til det gamle sjukehuset.

– Viss barna går ut av bilen på høgre side her vil dei gå direkte opp på fortau, og ikkje ut i vegbana. Og bilane treng ikkje rygge for å kome seg vidare. For dei foreldra som treng å følge barnet sitt heilt fram til skulen er det gratis parkering i 30 minutt ovanfor taxisentralen. Der er det ni plassar som kan nyttast til det føremålet.

Arnesen peikar også på at gang- og sykkelstien på baksida av sjukehuset er ferdig, og kan nyttast meir.

– Vi ser at den flotte gang- og sykkelstien som Flora kommune har laga til bak sjukehuset blir brukt meir og meir. Det er veldig gledeleg, der kan både barn og vaksne ferdast trygt heile vegen til skulen. Om fleire vel den traseen vil det verte mindre biltrafikk i området. Det er ein vinn-vinn situasjon for alle.

KART: Der det er merka i raudt vil Arnesen at folk skal sette av barna. Sykkelstien er merka i blått, og gratisparkeringsplassane er i grønt.

KART: Der det er merka i raudt vil Arnesen at folk skal sette av barna. Sykkelstien er merka i blått, og gratisparkeringsplassane er i grønt. Foto:

Artikkeltags