Widerøe strevar med teknikken, fleire kanselleringar onsdag

Flytrafikken til og frå Florø har krølla seg onsdag, på grunn av feilmeldingar på eit fly som har blitt ståande på bakken på Bringeland.

Flytrafikken til og frå Florø har krølla seg onsdag, på grunn av feilmeldingar på eit fly som har blitt ståande på bakken på Bringeland. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Flygingar både til og frå Florø har blitt kansellert i dag, på grunn av teknisk svikt på eit fly.

DEL

Det starta bra med morgonrutene til og frå Florø lufthamn i dag. Men då eit av Widerøe sine fly skulle mellomlande i Førde i føremiddag, fekk mannskapet varslingar om at noko kanskje var gale med flyet - og flyet blei dermed ståande på bakken på Bringeland.

- Teknikar blei sendt inn frå Florø til Førde, og det blir jobba med å finne ut av feilen på maskina. Målet er å få flyet ut igjen til Florø i tide til å fly Florø-Bergen som planlagt 14.20, seier Ragnor Adreassen ved Florø flyservice.

Problema med flyet førte mellom anna til kansellering av 11.55-flyet frå Florø til Bergen.

Firdaposten har blitt kontakta av passasjerar på Flesland onsdag ved lunsjtider, som fortvilar over at neste moglegheit til å kome seg frå Bergen og til Florø først er klokka 18.05 i kveld, onsdag.

Artikkeltags