– Det er eit stort trykk frå heile fylket opp mot styresmaktene, for å få dei til å snu når det gjeld kommersialiseringa som vart innført ved Florø lufthamn 1. april 2016. Det er på tide at regjeringa no høyrer etter.

Det seier LO sin distriktssekretær i Sogn og Fjordane, Nils Petter Støyva, klubbleiar Lars Terje Standal i Industri Energi ved Vestbase i Florø og leiar Marie Kronen Tveranger i Flora og omland LO.

Vil løfte opp saka

LO, med ei kjøtvekt på 23.000 medlemmar i fylket, hiv dermed seg med i kampen for å få FOT-rutene attende på lufthamna.

– Situasjonen har endra seg vesentleg ved lufthamna sidan innføringa i 2016. Oljeprisane har stupt, og aktiviteten i petroleumssektoren har gått mykje ned. Dette råkar oss på Vestlandet. Passasjertala ved Florø lufthamn har dessutan gått ned frå 200.000 til 146.000 i løpet av 2016. Gjenningøring av FOT-ruter er det einaste som kan sikre næringsliv og privatreisande eit stabilt og føreseieleg rutetilbod dei kommande åra. Det er ikkje for seint for regjeringa å snu, seier Støyva og strekar under at det ikkje berre er LO i fylket som krev dette.

– Eg har fått lovnader frå LO sentralt at dei skal følge saka vidare. Når LO med totalt 920.000 medlemmer knakkar på døra, reknar eg med at Samferdsledepartementet tek dette seriøst.

Brei front for FOT

Og i kampen for FOT-rutene ser ikkje arbeidstakarorganisasjonen noko hinder i å alliere seg med klassiske «erkefiendar» som NHO. Dess breiare fronten er mot regjeringa, dess enklare er det å bli høyrt.

– Vi vil gjerne jobbe i lag med NHO og saman med politikarar både frå høgresida og venstresida i politikken for å få Florø attende på FOT-rutene. Det einaste eg saknar er at Framstegspartiet i Flora er tydelege på korleis dei har tenkt å løyse situasjonen, og om dei vil attende til FOT-ruter ved Florø lufthamn, seier Støyva med klare referansar til Frank Willy Djuvik. Djuvik, på si side, er fast i trua på at det kjem eit konkurrerande selskap til Widerøe ved Florø lufthamn, som vil betre situasjonen. Like skråsikker er ikkje LO.

– Det har blitt jobba lenge opp mot tallause flyselskap, utan noko handfast resultat, svarar Nils Petter Støyva.

Valkampsak?

NHO Luftfart har tidlegare gått ut og stadfesta at det ikkje er noko juridisk i EØS-reglane som hindrar at Florø lufthamn kjem inn på FOT-rutene att.

– I samtalane eg har hatt med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og statssekretæren om situasjonen ved Florø lufthamn, har dei ikkje antyda at det juridiske er noko hinder. Men haldninga deira er at dei gjerne vil teste korleis kommersialiseringa av lufthamna fungerer, for å gjere ei vurdering seinare.

Det seier regiondirektør Jan Atle Stang i NHO Sogn og Fjordane.

– Fekk du signal om kor tid dette «seinare» er?

– Det kan verke som om det har gått politisk prestisje i saka. Då trur eg vi må vente ei stund, seier Stang og legg til at han ønsker samarbeidsinvitten frå LO velkommen.

– Om FOT-ruter i Florø blir ei valkampsak føre haustens val, kan det vere med på å påverke saka i ei positiv retning, seier Stang.

Det same seier Støyva.

– Vi må løfte saka inn i valkampen. Det er der vi kan få til endringar, strekar han under.