Flyplassen er open igjen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Oppdatering: Klokka 19 melder lufthamnsjef Stadheim at flyplassen er opna igjen.

Florø Lufthamn er stengd som følgje av ein teknisk feil.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim opplyser at ein har problem med eit kommunikasjonssystem i tårnet, som mellom anna gir flya opplysningar om vêr- og vindtilhøve.

– Akkurat no har vi stengd flyplassen. Vi har teknikar på plass, som jobbar for å løyse feilen.

Eit fly frå Oslo som skulle ha landa 18.05 vart omdirigert til Bringeland lufthamn.

Stadheim vil ikkje gi noko estimat på kor tid ein kan opne flyplassen igjen.

Artikkeltags