Går vidare med intensjonsavtalen om leige av Florø idrettssenter

Rådmann: Terje Heggheim har forhandla fram intensjonsavtale om sal av Florø idrettssenter. Foto: Linda Regina Bruvik

Rådmann: Terje Heggheim har forhandla fram intensjonsavtale om sal av Florø idrettssenter. Foto: Linda Regina Bruvik

Artikkelen er over 1 år gammel

Flora-rådmannen fekk både skryt og klarsignal for planane om å leige idrettssenteret frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

DEL

Saka var oppe til politisk handsaming tysdag, først i Flora formannskap og seinare bystyret.

I begge møta vart intensjonsavtalen om sal og leige av idrettssenteret samrøystes vedteke.

– Dette er ein kjempegladsak! Eg vil gi skryt til administrasjonen for eit framifrå arbeid. Viss vi går inn for dette, så løyser vi masse i forhold til utfordringane på eigne anlegg, sa Bengt Solheim-Olsen (H) frå bystyret sin talarstol.

Det er idretten som eig Florø idrettssenter, og intensjonsavtalen som politikarane handsama omhandlar ein kjøpsavtale mellom fylkeskommunen og Florø Idrettssenter AS, og ein leigeavtale mellom fylkeskommunen og kommunen.

Rådmannen har delteke i forhandlingane, og bystyret gav han vidare fullmakt til å forhandle med partane om ein endeleg avtale.

Bekymra for handballen

Samstundes peika fleire politikarar på frykta for at det skal bli eit dårlegare treningstilbod for gruppene som ikkje speler på fotballbane. Til dømes handball og volleyball.

– Dei som driv idrett på såkalla parkett er redd for at det ikkje blir eit like godt tilbod for dei. Spørsmålet til rådmannen er; blir det parkett i idrettssenteret?, sa Solheim-Olsen.

– I forhandlingane med fylket, så har vi vore inne på dette allereie. Flora kommune skal leige av fylket, og deretter leige ut til lag og organisasjonar. Då må det vere utleige til brukarar som har eit behov, og vi legg til grunn det registrerte behovet som Kultur og fritid har oversikt over, forsikra rådmann Terje Heggheim.

I forhandlingane mellom administrasjonen og fylkeskommunen, så har det komme fram at fylket skal oppgradere hallen. Fylkeskommunen har også teke høgde for å tilpasse hallen og tilby dei typar flater Flora kommune som leigetakar ønsker seg, forsikrar Heggheim.

– Involvere alle

– No er det utruleg viktig at FSK handball, FTIF og volleyballen blir involvert i prosessane framover, i samband med at ein skal utarbeide ein samdriftsavtale, påpeika Bente Nilsen (SV).

– Alt heng i hop med alt. Det er viktig å ta med seg det Nilsen påpeikar her. Eg trur dette kan bli ei god løysing, men det må gå hand i hand med realisering av ein fotballhall, sa Lars Terje Standal (Ap), som også sit i idrettsrådet.

  • Les referat frå livebloggen i bystyret tysdag: Live-blogg

Artikkeltags