Håp for både Jeggo og Hove

SKADET: Luc Jeggo humpa rundt på krykker etter kampen mot Tromsdalen, men det er ikkje alvorleg. FOTO: Dag Nesbø Frøyen

SKADET: Luc Jeggo humpa rundt på krykker etter kampen mot Tromsdalen, men det er ikkje alvorleg. FOTO: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Luc Jeggo måtte ut med skade mot Tromsdalen. Runar Hove har vore ute sidan sommarferien. Begge kan vere klare til helga.

DEL

Luc Jeggo måtte ut til pause i kampen mot Tromsdalen, og blei etter kampen observert på krykker. Den viktige midtbanespelaren kan likevel vere klar til kamp mot Ull/Kisa på søndag.

– Luc er betre. Eg har akkurat høyrt frå han, og det er ikkje alvorleg. Vi får sjå utover veka, men det er eit håp om at han kan vere klar til søndag, seier Terje Rognsø tysdag.

Må trene

Også Runar Hove kan vere klar igjen til då meiner Rognsø.

– Eg har eit håp om det. Det blir testing, og så får vi sjå. Skal han spele så må han trene denne veka.

Ull/Kisa ligg på 5.-plass på tabellen og er ikkje nokon draumemotstandar for Florø seier Florø-trenaren.

– Det er eit lag vi kjenner godt. Sjølv om dei ikkje har ekstrem fart, er dei eit godt kontringslag. Det er ikkje nokon ideell motstandar for oss som har slite med å avslutte angrepa i år.

Florø tapte 3–0 i bortekampen mot Ull/Kisa i fjor, men har hatt eit bra tak på dei heime i Florø. Der blei det 1–1 i vår etter scoring av Halvor Solheim-Olsen.

Artikkeltags