Filmklubb på vidaregåande

Dansk dynamitt: Team Hurricane handlar om kroppspress, sjølvbildeproblematikk og identitet. Tysdag kan du sjå den på Flora VGS.

Dansk dynamitt: Team Hurricane handlar om kroppspress, sjølvbildeproblematikk og identitet. Tysdag kan du sjå den på Flora VGS.

FLORØ: Vil lokke ungdom til filmklubben med dansk gratisfilm, vist på skulen.

DEL

Tysdag kjem Florø Filmklubb til Flora vidaregåande skule for å vise film på kveldstid. Det er den danske filmen Team Hurricane som står på programmet, og det er opent og gratis for alle.

– Dette er ein film som ungdommen bør sjå, men skal vi få til det kan vi ikkje vente på at dei kjem til oss. Vi må kome til dei. Heldigvis ønska skulen oss hjarteleg velkommen, seier Arne Hjorth Johansen, som er leiar i Filmklubben.

Team Hurricane handlar om ei ganske punkete jentegjeng som møtes på fritidsklubben og knyter sterkare band når den står i fare for å bli lagt ned.

– Det er ein slik film som ein anten elskar eller hatar. Den er eksperimentell, og blandar saman mange uttrykk. Llitt som å sitte og skrolle nedover ein Tumblr-blogg. Eg trur den gir eit godt bilde av korleis det er å vere ung i vår tid, avsluttar filmentusiasten.

Artikkeltags