Florø Drill er norgesmeistrar i traditional majorettes junior

DRILL: Florøjentene med flagget på brystet.

DRILL: Florøjentene med flagget på brystet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SOTRA: Jentene i Florø Drill utmerka seg under NM i korpsdrill.

DEL

Junior-troppen til Florø drill tok gull i NM i drill, som gjekk føre seg på Sotra Arena i helga. Det fortel ein lykkeleg Anja Merethe Knudsen i Florø Drill til Firdaposten, då dei nett har fått vite resultatet. Drilltroppen var nemleg ikkje til stades i Sotra Arena under premieutdelinga søndag. Dei opptrådde då på Fana stadion i samband med Bergen tattoo.

NM-gullet tyder også at juniorane blir invitert til EM i Majorettes 4. til 7. oktober i Kroatia.

Jentene vann med ein resultatsum etter trekk på 228,60 mot den einaste andre utfordraren i gruppa, med 203,05 poeng. Juvenile-troppen kom på ein fjerdeplass under Traditional majorettes corps med ein poengsum på 151,20. Florø Drill tok også førsteplassen i Parade corps for junior med 156,55 poeng, men var åleine i gruppa.

Her kan du lese den fullstendige resultatlista.

I alt har 532 drillere vore i aksjon, fordelt på 397 startnumre. Til saman 50 korps har hatt representantar på golvet i Sotra Arena.

Artikkeltags