Drilljentene dreg til Nederland for å ta medalje

DRILL: Florøjentene med flagget på brystet.

DRILL: Florøjentene med flagget på brystet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Jentene i Florø Drill er med i EM i Majorettes for tredje gong. Denne gongen vil dei på pallen.

DEL

Eventyret held fram for jentene i Florø Drill. Dei har konkurrert i fire år, og har blitt norgesmeistrar i tre av dei. Fredag skal dei representere Norge i øvinga Traditional Majorettes Core – junior, i europameisterskapet i Almere i Nederland. Det er tredje gong på rad at dei deltek i EM, og målet er å ta medalje seier hovudtrenar Anja Knudsen.

– Det er ikkje slik at alt er mislykka om vi ikkje kjem på pallen. Nivået er sjukt høgt i EM, men det er det som er målet vårt. Vi går for medaljar.

Florø Drill har klart å løfte nivået sitt kvart einaste år. Første året dei var med i NM vart dei meir eller mindre slakta fortel Knudsen, men jentene lot seg ikkje knekke av det. Dei forbanna seg på at dei skulle komme tilbake neste år og rette opp inntrykket. Året etter vart dei norgesmeistrar, og fekk EM-deltaking som premie. Dit drog dei mest for å lære, målet var ikkje meir hårete enn at dei ikkje skulle hamne på siste plass. Det gjorde dei da heller ikkje, dei hadde to land bak seg på resultatlista, og i kofferten heim hadde dei fått både erfaring og inspirasjon til å satse vidare.

I fjor vann dei NM for andre gong, og drog til EM med eit mål om medalje. Dei kom so nær som det er mogleg å komme, dei var berre eitt plasseringspoeng unna tredjeplassen, men måtte nøye seg med fjerdeplassen. I sommar tok dei si tredje NM-tittel, og dermed vart det EM-tur i år også. Fredag tek over dei golvet i Almere for å sjå kor langt dei kan gå denne gongen. Det blir ikkje enkelt å kjempe seg inn blant topp tre.

– Det er tøff konkurranse og høgt nivå. Traditional er den sterkaste kategorien, der landa frå Aust-Europa har hatt eit slags monopol. Dei er vanvitig dyktige, det er nesten som å sjå Garden.

– Kor mykje trening ligg det bak dette her?

– Det er klart det ligg mykje trening bak for å komme så lang på så kort tid. Masse jobb, men også mykje moro. Denne gjengen her trenar kvar måndag frå fire til halv seks, men alle saman er med i forskjellige grupper, så dei trenar måndag, tysdag, torsdag, i tillegg til at vi har nokre treningshelger i året. Og så kjem eigentrening på toppen. Det er ein idrett på linje med alle andre.

Knudsen skryt av styret i Florø drill, og let seg stadig imponere av jentene.

– Eg må få skryte litt av styret vårt. Dei jobbar dag og natt, og gjer ein kjempejobb. Utan dei hadde det ikkje vore mogleg. Og jentene har ein arbeidsmoral utan like. I dag er det fleire av dei som er sjuke og har feber, men dei kjem likevel.

Jentene dreg til Nederland onsdag morgon. Torsdag har dei lydprøve, og fredag skal dei konkurrere. Resultata får dei ikkje før på søndag. Firdaposten vil rapportere resultata så fort dei er klare. Konkurransen skal også streames live her. Twirlladies TV

Artikkeltags