Veteranbåt-miljøet har både tid og lyst, men det må pengar til

ØYVIND HARAM


.

ØYVIND HARAM . Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Veteranbåt-miljøet: Den gamle kjendisskøyta "Fabrikklaget II" frå Florø på 1950- og 60-talet - kan igjen få Florø som heimehamn, viss kystkulturentusiast og Venstre-politikar Jan Henrik Nygård får rett i si vurdering.

Firdaposten melde nyleg om at veteranbåten må ut av verftet i Kristiansund og står i fare for å bli pinneved.

LES OGSÅ: – Har plass til fleire veteranbåtar

Leiar for Kinn Kystlag, Øyvind Haram, ser ikkje mørkt på at miljøet i Florø skal greie å ta seg av endå ein veteranbåt.

– Eg trur vi kan finne folk som har både til og lyst til å gjere jobben, men det store spørsmålet om det kan skaffast finansiering. Jan Henrik har vist seg som ein positiv og kreativ kar også tidlegare, så det kan hende dette let seg gjere, seier han.

NILSEN-SLIPPEN VED KYSTMUSEET I FLORØ. DEN FØRSTE BÅTEN DREGEN OPP PÅ NILSEN-SLIPPEN VAR TRESNEKKA "OLGA". 
TIL VENSTRE: DAGFINN GIIL (EIGAR) OG LUDVIG GRYTTEN, KJARTAN TVERANGER, BØRGE BJERCK.

NILSEN-SLIPPEN VED KYSTMUSEET I FLORØ. DEN FØRSTE BÅTEN DREGEN OPP PÅ NILSEN-SLIPPEN VAR TRESNEKKA "OLGA". TIL VENSTRE: DAGFINN GIIL (EIGAR) OG LUDVIG GRYTTEN, KJARTAN TVERANGER, BØRGE BJERCK. Foto:

Artikkeltags