– «Lakseeffekten» verkar alltid

TO LEGE-LAKSAR: To av lege-laksane på SMS-Senteret i Florø; Geir Kittang og Ronny Cassels. Saman med Aud B. Olsen og Siri Osnes.

TO LEGE-LAKSAR: To av lege-laksane på SMS-Senteret i Florø; Geir Kittang og Ronny Cassels. Saman med Aud B. Olsen og Siri Osnes.

Artikkelen er over 2 år gammel

- «Lakseeffekten» har eg vore oppteken av i 30 år. Dei nyutdanna legane som har lokal tilknyting på ein eller annan måte, er dei som blir verande.

DEL

Det seier kommunelege Jan Helge Dale i Flora kommune.

Sjølv med eit solid fagmiljø med 14 legeheimlar pluss to turnusplassar, må Flora jobbe veldig aktivt for å rekruttere nye fastlegar. Per i dag er det to fastlegestillingar som er ledige. Tre legar er for tida ute i svangerskapspermisjon og ein held på med vidareutdanning.

LES OGSÅ:

Jobbar med å få tilsette den 5. legen 

Duk og dekka bord

– Her kan nye legar komme til duk og dekka bord. Vi har prøvd å tilby fastlønnsordning, ein kombinasjon av litt lågare fastlønn og bonusordning, som alternativ til vanleg næringsdrift som fastlege. Det har ikkje gitt noko effekt, slår han fast.

Det viktigaste rekrutteringstiltaket er, og har vore, å halde kontakt med ungdom i utdanning, tilby dei sommarjobbar og turnusteneste. Dei studentane som har lokal tilknyting eller som har ein sambuar/ektefelle frå regionen, er dei som vel å etablere seg.

Undergrev reforma

Intensjonen med samhandlingsreforma var å styrke legedekninga i distrikta.

– Samhandlingsreforma skulle skru att veksten i sjukehusa, men det har ikkje skjedd. Vi har hatt eit regjeringsskifte sidan reforma vart vedteken, påpeikar Ap-veteranen Dale og viser til at det er sjukehusa som fer av med mesteparten av dei nye legane.

Andre utfordringar i høve legedekninga er det 70 prosent av dei som vel å bli legar, er kvinner. Det reduserer heilt naturleg sysselsettingseffekten. Mangelen på turnusplassar er også ein flaskehals.

Dale er samd med fylkeslege Per Steinsland i at det må gjerast endringar. Studentar må ha mykje meir og lenger praksis ute i distrikta.

– Ei kvotering av søkarar frå distrikta til utdanningane bør vurderast, seier Dale.

Legevaktene

Den store belastninga med legevakter er ei anna side ved legeyrket, som skremmer nye legar frå å jobbe som vaktlegar i Bygde-Norge.

– Det blir hyppigare vakter enn i dei største byane. Men slik må det bli dersom folket vil ha legevaktlegane nær der dei bur.

Flora har for tida god dekning med sjukepleiarar i kommunen.

– Vi brukar i liten grad vikarbyrå. Det kan vi takke den lokale sjukepleiarutdanning til Høgskulen i Sogn og Fjordane for. Ordninga med at ein kan utdanne seg til sjukepleiar på deltid, har vore veldig vellykka, understrekar han.

Men utfordringane vil truleg vekse seg større, med den kommande eldrebølga.

– Utdanningskapasiteten er for liten i høve det behovet som vi vil få framover.

Artikkeltags