Flaumfaren er aukande

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

NVE har oppgradert flaumfaren.

DEL

Onsdag går NVE ut med varsel om flaum på oransje nivå i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det skriv Firda.

Dette er det nest høgste nivået.

Årsaka er at det har regna mykje tysdag og onsdag, noko som har ført til stor vassføring. Det er i tillegg venta store nedbørsmengder torsdag, så mykje at NVE oppgraderer varselet frå gult til oransje nivå i dei to fylka.

NVE skriv at vassføringa kan føre til omfattande overfløyming og flaumskadar utsette stadar.

Situasjonen vil vere følsam for både temperatur og nedbørsmengder.

Det er sendt ut jordskredvarsel på gult nivå i same området.

Fredag er det venta at temperaturen vil gå ned samstundes som nedbøren minkar. Då minkar også flaumfaren.

Artikkeltags