Vil integrere med norsk film

Abdi Mohamed Ahmen, Arne Hjorth Johansen, Bente Nygård, Marti Gjerstad og Saed Mohamead.

Abdi Mohamed Ahmen, Arne Hjorth Johansen, Bente Nygård, Marti Gjerstad og Saed Mohamead. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Vi manglar ein arena for å komme i kontakt med nordmenn, seier Abdi Mohamed Ahmed.

DEL

– På årsmøtet til Filmklubb Forfundet fortalde Drammen Filmklubb at dei hadde prøvd noko liknande, med stor suksess, seier Arne Hjorth Johansen i Florø Filmklubb.

Klubben skal no starte eit filmprogram med norske filmar som skal visast gratis på samfunnshuset. Programmet er spesielt retta mot asylsøkarar, flyktningar og innvandrarar og skal skape ein arena der nordmenn og innvandrarar kan komme i kontakt med kvarandre.

– Nordmenn er ikkje så lette å komme i kontakt med. Sjølv om ein prøvar å seie «hei» til dei på gata, blir det ikkje det skikkelege samtalane. Skal ein integrerast ordentleg i det norske samfunnet, må ein ha norske venner, seier Mohammed Abdi, leiar for Norsk sjølvhjelp for flyktningar organisasjon (NOSFO) i Florø.

Ein ny møteplass

Abdi og Saed Mohamaed er måndag ettermiddag på plass på Lille Marked, saman med Filmklubben og innvandrarsenteret ved Bente Nygård, for å diskutere det praktiske rundt prosjektet.

– Eg trur dette kan bli eit svært positivt prosjekt. Utan ein møteplass, er ikkje lett å vere ny på ein liten plass som Florø og klare å skaffe seg eit norsk nettverk, seier Mohamead.

– Så no håpar vi at florøværingane også stiller opp.

Opent for alle

– Filmane blir nøye plukka ut med mål om å auke kunnskapen til våre nye landsmenn når det kjem til norsk språk, kultur, historie og samfunn, seier Marit Gjerstad.

Filmen vil bli vist i kinosalen på samfunnshuset og etter framsyninga blir det rom for å sette seg i kafeen og sosialisere rundt det ein nettopp har sett. Filmklubben har fått tildelt 15.000 kroner frå Norsk Filminstitutt til prosjektet, noko som etter planen kan bli fem filmkveldar.

– Dette kan bli ein viktig møteplass der innvandrarar kan knytte kontaktar, trene på norsk og få innsikt i norsk historie og kultur. Blir dette vellykka håpar vi at det kan inspirere andre frivillige organisasjonar og klubbar til å sette i gong liknande integreringstiltak, seier Gjerstad som håper at første filmkveld blir allereie i september.

Artikkeltags