Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det var heile 553.000 nordmenn som i 2016 levde i fattigdom. Dette baserer seg på at desse personane lever i eit hushald som har under 60 prosent av medianinntekta i Norge å rutte med. Median er den midtarste av alle.

Låginntekt

Omgrepet «fattig» er relativt. SSB bruker ikkje lenger dette, men «låginntekt». Elleve prosent av befolkninga i landet kjem inn i denne gruppa. Over 100.000 born bur i eit hushald med vedvarande låginntekt.

– Born som har innvandrarbakgrunn er sterkt overrepresentert i låginntektsgruppa. Nesten 38 prosent av innvandrarbarn lever med låginntekt, mens tilsvarande tal for born utan innvandrarbakgrunn er 5,5 prosent, skriv byrået på nettsidene sine.

Men også gruppa utan innvandringsbakgrunn har hatt ein klar auke på 12 prosent siste fem år. På kommunenivå har SSB berre gitt ut tal per år, slik at det ikkje er mogleg å slå fast ei vedvarande låginntekt, som ofte blir rekna ut frå eit snitt på tre år. Men vi kan slå fast at det i likningsåret 2016 var 1.216 personar frå Flora som budde i hushald med mindre enn 60 prosent av medianinntekta. Dette utgjer 10,6 prosent av befolkninga i kommunen, som er så vidt under det norske snittet på elleve prosent.

Vi kan slå fast at det i likningsåret 2016 var 1.216 personar frå Flora som budde i hushald med mindre enn 60 prosent av medianinntekta i Norge

Statistisk sentralbyrå

 

Tilsvarande er det i Bremanger kommune 391 personar som levde med låginntekt i denne perioden. Dette er også 10,6 prosent av befolkninga. I Vågsøy er det 522 i denne gruppa, som er akkurat ni prosent.

Årdal kommune i Sogn og Fjordane kjem best ut på landsoversikta, men ein del på «berre» 5,3 prosent. Det er Torsken i Troms som må bere børa av å vere sist på denne lista med 425 kommunar, med heile 18,5 prosent av befolkninga i låginntektsgruppa.

Flora og Bremanger er nummer 229 på denne lista, medan Vågsøy er nummer 102.

Ivar Stokkereit er fagansvarleg for barn sine rettar i UNICEF. Han er uroleg over at stadig fleire barn veks opp i fattige familiar. Til Dagsavisen seier han at politikarane må spørje seg om vi kan leve med at forskjellane berre aukar og aukar.

– Barn i fattige familiar deltek mindre i organiserte fritidsaktivitetar. Mange opplever sosial eksklusjon. Dei presterer dårlegare på skulen og har dårlegare helse. Dei har dårlegare framtidsutsikter, seier han .

Både UNICEF og Redd Barna har teke til orde for at barnetrygda må auke i takt med lønnsveksten. Den har stått stille i 22 år, og er på 970 kroner.

Stor auke i Flora

Dei fem siste åra har det på landsbasis vore ein auke på 1,4 prosentpoeng frå 2011 til 2016. Den gongen var den 9,6 prosenten som var fattige, mens det no altså er 11 prosent. I Flora har auken vore mykje større. Her har delen vakse med 2,8 prosentpoeng, frå 7,8 til 10,6 prosent. I Bremanger er auken på 2,1 prosentpoeng medan Vågsøy gjekk opp 0,7 prosentpoeng. Fjaler kommune har størst del fattige i fylket, med 14,7 prosent.